Sverre Krogh

norsk jounalist og politikar

Sverre Krogh (11. mars 18831957) var ein norsk pressemann og politikar frå Oslo, aktiv både for Det norske Arbeidarparti, Norges Kommunistiske Parti og Nasjonal Samling. Han representerte HordalandStortinget i tida 1922 til 1927. Under den andre verdskrigen arbeidde Krogh i Kulturdepartementet, noko han i landssvikoppgjeret vart dømd til to år og tre månaders fengsel for.

Sverre Krogh

Fødd11. mars 1883
Oslo
Død26. oktober 1957 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti, Nasjonal Samling
Yrkeaktuar, politikar, redaktør
Utdanna vedUniversitetet i Göttingen
FarGerhard Christopher Krogh
Alle verv

Liv og gjerning endre

Krogh var utdanna i Tyskland, der han tok diplomeksamen i forsikringsmatematikk. Tilbake i Noreg i 1907 melde han seg inn i Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund (NSU). Allereie i april vart han formann for Kristiania-avdelinga og spelte dei neste åra ei viktig rolle i ungdomsforbundet.

I 1908 sat Krogh fengsla i tre månader i Sverige, dømd for å ha hissa til strid mot styresmakter. Etter fleire månader på agitasjonsarbeid i Nord-Noreg, kom han tilbake til Kristiania i 1909. NSU var då svekka av indre strid. Krogh var mellom dei som bygde oppatt forbundet, i hans tilfelle som redaktør for Klassekampen, den nye avisa til forbundet.

Frå 1918 til 1924 var Krogh redaktør for partiavisa Arbeidet i Bergen. Hausten 1921 vart han vald inn på Stortinget frå Hordaland og for Det norske arbeidarparti. Då partiet vart splitta hausten 1923, fylgde han Komintern-tilhengarane inn i nydanninga Norges Kommunistiske Parti. Han vart attvald til Stortinget i 1924. Krogh gjorde seg upopulær i NKP gjennom å gå inn for nærare organisatorisk samarbeid mellom dei då tre arbeidarpartia, og ved å motarbeide partileiinga medan NKP forhandla med den nye LO-formannen Halvard Olsen. Ved stortingsvalet 1927 mangla Krogh nokre få hundre røyster på å verte attvald, og året etter gjekk han over til Arbeidarpartiet.

I åra etter partiskiftet skreiv Krogh i ei rekke av Arbeidarpartiet sine publikasjonar. Stort forbruk av alkohol gjorde likevel at han gradvis mista tillit hos dei styrande i arbeidarrørsla.

Etter Tyskland okkuperte Noreg våren og sommaren 1940 vart Krogh kontakta av ein tidlegare studiekamerat, NS-politikaren Birger Meidell. Han trekte Krogh inn i Nasjonal Samling (NS), medan Krogh bidrog til at okkupanten knytte kontakt med andre folk i arbeidarrørsla, mellom dei den tidlegare LO-formannen Halvard Olsen. Krogh fekk tilsetjing som konsulent i Kulturdepartementet med ansvar for å formidle kontakt med fagrørsla og den delen av arbeidarpressa som framleis var i drift. Som NS-medlem sokna Krogh til den meir tysk-vennlege fløya av partiet.

Kjelder endre