The Swingle Singers

(Omdirigert frå Swingle Singers)

The Swingle Singers er ei vokalgruppe som blei danna i 1962 i Paris med songarane Ward Swingle, Anne Germain, Jeanette Baucomont og Jean Cussac som medlemmar. Frå 1973 har gruppa hatt hovudbase i London. Ho produserer komplisert, teknisk imponerande a cappella-versjonar av klassiske poplåtar, jazz og klassisk musikk.

The Swingle Singers

Aktiv1962–
Sjangera cappella
PrisarGrammy Award for beste nye artist

Historikk

endre

Oppstarten

endre

Gruppa var opphavleg leia av Ward Swingle. Han var ein amerikansk jazzsongar fødd i 1928 som tidlegare hadde vore med i den berømte franske songgruppa Les double six, og byrja som tilfeldig bakgrunnssongar for artistar som Charles Aznavour og Edith Piaf.

Gruppa song ein del vokaljazz med komponisten og pianisten Michel Legrand, men då han flytta till Hollywood for å laga filmmusikk, mangla gruppa utfordrande musikk å synga. Swingle leitte etter interessant material og fatta interesse for Bachs Das wohltemperierte Klavier. Dette leidde til utgjevinga av den fyrste plata diera, Jazz Sébastien Bach. Plata vann Grammy Award i 1963 for Best performance by a chorus («Beste korframføring») og Best new artist of 1963 («Beste nye artist i 1963»).

Christiane Legrand, systera Michel Legrand, var ein av sopranane i gruppa.

Endringar i gruppa

endre

Gruppa har endra medlemmar og namn fleire gonger.

Namnebyte

endre
  1. Les Swingle Singers (The Swingle Singers)
  2. Swingle II
  3. The New Swingle Singers
  4. The Swingles
  5. The Swingle Singers

Besetning per 2009

endre

Gruppa bestod i 2009 av åtte songarar (to sopranar, to altar, to tenorar og to bassar):

  • Joanna Goldsmith (sopran, UK)
  • Sara Brimer (sopran, USA)
  • Clare Wheeler (alt, UK)
  • Lucy Bailey (alt, UK)
  • Richard Eteson (tenor, UK)
  • Christopher Jay (tenor, UK)
  • Kevin Fox (bass, Canada)
  • Tobias Hug (bass, Tyskland)
  • Lydteknikar: Hugh Walker (UK)

Diskografi

endre

LP-utgjevingar

endre
  • Den franske gruppa (1963–1973)
    • 1 Jazz Sebastien Bach
    • 2 Going Baroque
    • 3 Swinging Mozart
    • 4 Swinging Telemann
    • 5 Place Vendome
    • 6 Les Romantiques
    • 7 Sounds of Spain
    • 8 Noels sans Passport
    • 9 Jazz Sebastien Bach II
    • 10 Les Quatre Saisons
    • 11 Sinfonia (Berio)
    • 12 American Look
    • 13 Bitter Ending
  • Den engelska gruppa (1973-2009)
    • 14 Madrigals
    • 15 Words and Music
    • 16 Rags & all that Jazz
    • 17 Baroque
    • 18 French & English Part Songs
    • 19 Lovin' you
    • 20 Swingle Bells
    • 21 No time to talk
    • 22 Skyliner
    • 23 Folio
    • 24 Sonnets of Desolation (Ben Johnston)
    • 25 Sinfonia (Berio)

CD-utgjevingar

endre
  • Den franske gruppa
    • 1 Jazz Sebastian Bach (inneheld LP 1 og 9)
    • 2 Anyone for Mozart, Bach, Handel, Vivaldi? (inneheld LP 2 og 3)
    • 3 Compact Jazz (inneheld LP 5,6 og 7)
  • Den engelske gruppa
    • 4 A-Ronne / Cries of London
    • 5 Mazapegul (Azio Corghi)
    • 6 Nothing but Blue Skies (100th Birthday Tribute to Irving Berlin)
    • 7 Best of The Swingle Singers
    • 8 Folk Songs
    • 9 A Cappella Amadeus
    • 10 Compilation Album (Reflections & Live at Ronnie Scotts)
    • 11 The Christmas Album
    • 12 1812
    • 13 The Bach Album
    • 14 If It's Music...
    • 15 Notability
    • 16 Story of Christmas
    • 17 Pretty Ringtime
    • 18 New World
    • 19 Live
    • 20 Screen Tested
    • 21 Best of The Swingle Singers
    • 22 Ticket to Ride
    • 23 Keyboard Classics
    • 24 Live in Japan
    • 25 Mood Swings
    • 26 Retrospective
    • 27 ...unwrapped!
    • 28 Dido's Lament (EP)
    • 29 Live in New York '82

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: The Swingle Singers