Sylfar

kolibrislekt i Sør-Amerika

Sylfar er ei biologisk slekt Aglaiocercus av kolibriar med tre medlemmer som samla har eit leveområde i ei smal stripe langs Andesfjella frå Venezuela til Bolivia, samt kystfjella i Turimiquire-massivet, nordaustre Venezuela. Slekta er ein del av stammen Lesbiini, «koketter», innanfor underfamilien Lesbiinae.

Sylfar
Celestsylfe, Aglaiocercus coelestis, nordvestre Ecuador Foto: Joseph C Boone
Celestsylfe, Aglaiocercus coelestis, nordvestre Ecuador
Foto: Joseph C Boone
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Sylfar Aglaiocercus
Zimmer, 1930
Artar
andessylfe
celestsylfe
breihalesylfe

Namnet Aglaiocercus er frå gresk: aglaia «ven, prakt» samansett med kerkos, «hale».[1]

Skildring

endre

Dette er tre artar som er lett kjennelege og skil seg frå alle andre kolibriar. Nebbet er rettpeikande og kort, hannfuglane har ein ekstremt fager, fargerik, særs lang og kløfta hale. Hoene er totalt annleise, har normal lengde på halen og kvit strupe flekka med grønt, men friske, kanelfarga til gulbrune farger på buken.[2]

Reiret er vanlegvis festa til ein kvist eller grein, forma som ein overgygd moseklump, med ein sideinngang og ein hale av mose hengande under. Hannen til andessylfe deltek i ritualisert reirbygging. Hoa legg to kvite egg, hoa rugar aleine i rundt 15 til 17 dagar. Ungane forlèt reiret etter omtrent 21 til 30 dagar.[3][4] (Andessylfe og celestsylfe)

IUCN har kategorisert breihalesylfe som sterkt truga (EN), dei andre to som livskraftige artar (LC).[5]

Galleri

endre

Artslista

endre

Sylfar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]

  • Andessylfe, Aglaiocercus kingii, Long-tailed sylph, (Lesson, RP, 1832), (LC)
Austsida av Andes i Colombia nordover til kystfjella i Venezuela vest, og sørover langs austsida av Andes gjennom Ecuador, Peru til sentrale Bolivia (Cochabamba) i høgder på 900-3000 moh. Hoa ca. 10-11 cm, og hannen 16-19 cm.[4]
  • Celestsylfe, Aglaiocercus coelestis, Violet-tailed sylph, (Gould, 1861), (LC)
Vestsida av vestlge fjellkjeda av Andes i Colombia og Ecuador, rundt 1000 moh. Storleik ca. 9,5 cm og 18-21 cm.[3]
  • Breihalesylfe, Aglaiocercus berlepschi, Venezuelan sylph, (Hartert, EJO, 1898), (EN)
Turimiquire-massivet, nordaustre Venezuela. 1450-1800 moh. Storleik hoe og hann ca. 10 cm og 22 cm.[9]

Kjelder

endre
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 36. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 288, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  3. 3,0 3,1 Schuchmann, K.L. and P. F. D. Boesman (2020). Violet-tailed Sylph (Aglaiocercus coelestis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.vitsyl1.01
  4. 4,0 4,1 Altshuler, D.L. and P. F. D. Boesman (2020). Long-tailed Sylph (Aglaiocercus kingii), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.lotsyl1.01
  5. Birdlife International Data Zone søk Henta 23. mai 2023
  6. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  7. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  8. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 
  9. Altshuler, D.L., E. de Juana, P. F. D. Boesman, and C. J. Sharpe (2020). Venezuelan Sylph (Aglaiocercus berlepschi), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.vensyl1.01

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sylfar