Tørr chaco

Tørr chaco økoregion

Tørr chaco er ein økoregion med savannar og torneskog i Sør-Amerika, ofte med overgangssoner mellom desse. Regionen dekkjer nordvestre delar av Paraguay, aust for Andes i Bolivia, og nordvestlege Argentina. Den midlare årlege temperaturen ligg rundt 26°C og årleg nedbør rundt 865 mm. Regionen er kjent for sin store biodiversitet og inneheld mange unike artar. Mot aust grensar han til fuktig chaco, eit våtare område tropiske grassletter, savannar og busklandskap, i nordvest grensar han til cerrado-grassletter og i nord til pantanal våtmarkssystem.

Tørr chaco
Økoregion
Wagnernavlesvin (Catagonus wagneri) i tørr chaco
Land  Paraguay,  Argentina  Brasil,  Bolivia
Areal 786 791 km²
Wikimedia Commons: Dry Chaco Ecoregion

Wagnernavlesvin (Catagonus wagneri) er døme på ein art som er endemisk for dei tørraste delane av tørr chaco-økoregionen, og føretrekkjer torneskog. Fossil av arten vart oppdaga i 1931 og var grunn til å tru å tilhøyre ein utdøydd art, fram til det første levande individ vart registrerte på 1970-talet. Flokkane varierer i storleik frå 1 til 9 individ, og dei er sensitive for menneskeleg habitatendring. Tapt habitat i sørlege chaco har ført til at bestanden av wagnernavlesvin har falle, og han er no kategorisert som sterkt trua (EN) av Verdas naturvernunion, IUCN.[1] Heile elleve fugleartar har norsk namn med første stavingar Chaco eller engelsk namn med Chaco[2] som tydar på at dei er knytt til chaco. Chacougle (Strix chacoensis) er truleg endemisk for området.

Guaranífolket skildra opphavleg dette området som Gran Chaco, som betyr «produktive jaktområde». Tradisjonelle jaktpraksisar har bidrege til å verne dyrelivet i regionen. Fleire naturparkar og private reservat eksisterer, men mange område er trua av storfebeite og vegutviklingsprosjekt, som Trans-Chaco motorvegen. Framtidige prioriterte vernetiltak inkluderer å auke talet på verna område, skape korridorar mellom dei, og oppmuntre til berekraftig utvikling og jordbruksmetodar.

Kjelder

endre
  • Schipper, Jan. «Dry Chaco». One Earth. Henta 2. november 2024. 
Referansar
  1. Altrichter, M.; Taber, A.; Noss, A.; Maffei, L.; Campos, J. (2015). «Catagonus wagneri». IUCN Red List of Threatened Species 2015: e.T4015A72587993. doi:10.2305/IUCN.UK.2015-2.RLTS.T4015A72587993.en. Henta 2 november 2024. 
  2. «Norsk navnekomité for fugl (NNKF)». Birdlife Norge. Henta 2. november 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tørr chaco