Fuktig chaco
Fuktig chaco (spansk Chaco Húmedo eller Chaco Oriental) er ein økoregion med tropiske grassletter, savannar og busklandskap i Sør-Amerika. Han ligg i nedslagsfeltet til Paranáelva i delar av sentrale Paraguay og nordaustlege Argentina, og dessutan ein liten del i sørvestlege Brasil og nordvestlege Uruguay. I Argentina femnar utbreiinga om austlege halvleiken av både Formosa- og Chacoprovinsen og i ein del av nordlege Santa Fe-provinsen. Den naturlege vegetasjonen består av ein mosaikk av grassletter, palmesavannar og skog.
Fuktig chaco | |||
Økoregion | |||
Nær Resistencia i nordaustre Argentina
| |||
Land | Paraguay, Argentina Brasil, Bolivia | ||
---|---|---|---|
Areal | 291 596 km² | ||
| |||
Wikimedia Commons: Humid Chaco |
Geografi
endreFuktig chaco ligg i låglandet langs Paranáelva med sideelvar, inkludert Paraguay-elva. Mot vest grensar han til tørr chaco, eit halvtørt område med tørre skogar og savannar. Alto Paraná-atlantisskogen ligg mot aust, og cerrado-grassletter ligg mot nordaust. Regionen grensar også til store overfløymde grassletter og savannar, inkludert Paraná-sumpane langs dei nedre delane av Paraná- og Paraguay-elvane, pantanal i nord, og mesopotamia-savannen i «sørkjegla» søraust mellom Paraná- og Uruguay-elvane.[1]
Topografien er stort sett flat eller svakt stigande, og jordsmonnet består hovudsakleg av fine alluviale elveavleiringar i regionen.
Asuncion, den paraguyanske hovudstaden, ligg i økoregionen.
Klima
endreKlimaet er tropisk, men blir subtropisk mot sør. Gjennomsnittleg årleg nedbør minkar generelt mot vest og varierer frå 1 300 mm i dei våtare austlege delane til 750 mm i vest nær overgangen til tørr chaco. Mesteparten av nedbøren fell om sommaren frå januar til april, og minst om vinteren frå juni til august. Ekstraordinære nedbørsmengder som skaper flaum i store delar av territoriet er vanleg i El Niño-år. Temperaturen varierer frå under null i minimum til 40º C som maksimum, den gjennomsnittlege årlege temperaturen er 22º C.[2]
Flora
endreFloraen er ein mosaikk av grassletter, savannar, skogar og myrar. Grassletter og savannar finst vanlegvis i høgare terreng, medan skogar veks langs elvar og elveleie. Myrar blir danna sesongmessig eller heile året over ugjennomtrengjelege jordlag.[1]
Grasslettene er kjenneteikna av høgt, grovt gras. Palmesavannar er vanlege, særleg med Copernicia alba-palmane. Det finst òg galleriskogar.
Dei viktigste treslaga i skogane er Schinopsis balansae og Aspidosperma quebracho-blanco, saman med Prosopis-tre frå erteblomfamilien.[3] Mange fleire treslag er vanlege, blant dei Ceiba speciosa i kattostfamilien.
Fauna
endrePattedyr og fuglar
endreI ei undersøking på eit gardsbruk i fuktig chaco i Paraguay med bruk av viltkamera i 2016 og 2017 blei det registrert 15 artar av pattedyr og 20 fugleartar, blant dei krøllhokko (Crax fasciolata), kjempemaurslukar (Myrmecophaga tridactyla) og langhaleoter (Lontra longicaudis). Oftast observerte blant pattedyra var krabberev (Cerdocyon thous), krabbebjørn (Procyon cancrivorus), ringhala nasebjørn (Nasua nasua) og nibandbeltedyr (Dasypus novemcinctus), den siste i fuktig skogshabitat. Berre eit kattedyr vart fotogafert, nattkatt (Leopardus geoffroyi). Meir fåtallige var aguti (Dasyprocta azarae), ein medlem av hundefamilien. Fuglearten oftast registrert var kjemperikse (Aramides ypecaha), ein annan riksefugl ofte fanga av kamera var gråhalsrikse (Aramides cajaneus).[4]
To medlemmar av fugleslekta frøetarar (Sporophila) er registrerte som hekkefuglar innanfor regionen i våte, elvenære krattområde.[1] Dei to artane, sumpfrøetar og gråkronefrøetar, står på den globale raudlista over truga artar, klassifisert som høvesvis sterkt truga og sårbar. Dei er begge trekkfuglar. Stornandu (Rhea americana) er ein nær truga fugleart i regionen.
Kjende pattedyr i fuktig chaco som står på raudlista eller er lokalt truga av omfattende landbruk og storfehold inkluderer jaguar (Panthera onca), sumphjort (Blastocerus dichotomus), pampashjort (Ozotoceros bezoarticus), mankeulv (Chrysocyon brachyurus), flodsvin (Hydrochaeris hydrochaeris) og nattapearten Aotus azarae.[1]
Av andre pattedyr i økoregionen kan namnast sørtremaurslukar (Tamandua tetradactyla), brølapen (Alouatta caraya), eit par flaggermusartar og tre kattedyr i tillegg til jaguar og nattkatt.[2] Amazonastapir (Tapirus terrestris), hjortedyret Mazama americana, eit utval av pungrotter, ein bomullshalekanin, Sylvilagus brasiliensis og fleire gnagarar i musefamilien er òg registrerte.[5]
Amfibium og reptil
endreI ei undersøking som gjekk føre seg i argentinsk del av fuktig chaco gjennom eit år, blei det registrert 33 artar av amfibium og 55 reptil.[3]
Artar trekt fram i rapporten som truga eller sårbare er skjelpadda Acanthochelys pallidipectoris, globalt sterkt truga (EN), argentinsk boa, Boa constrictor occidentalis, gul anakonda, Eunectes notaeus, øglearten Polychrus acutirostris, og to kaimanartar Caiman yacare og Caiman latirostris.[3] Den nær truga skjelpadda Acanthochelys spixii er registrert av andre som eit av dei akvatiske dyreslaga i området.[1]
Verneområde
endreFuktig chaco økoregion går gjennom prosessar med fragmentering og tap av habitat på grunn av menneskelege aktivitetar som avskoging, storfedrift, bygging av ei demning og forureining.[3]
Ei vurdering frå 2017 fann at 35 949 km², eller 12 %, av økoregionen har vern i form av reservat og nasjonalparkar.[treng kjelde]
Verneområde inkluderer Chaco nasjonalpark, Río Pilcomayo nasjonalpark og Mburucuyá nasjonalpark i Argentina, og dessutan Ypoá nasjonalpark i Paraguay. Iberá-våtmarkene, som ligg i søraust i økoregionen, grensar til Mesopotamia-savannen i «sørkjegla», og er verna av Argentinas Iberá provinsreservat og Iberá nasjonalpark.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Humid Chaco» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2024
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Dellafiore, Claudia. «Tropical and subtropical grasslands, savannas and shrublands». WWF. Henta 27. oktober 2024.
- ↑ 2,0 2,1 Rubén Ginzburg I; Jorge Adámoli (2005). «Ecorregión Chaco Húmedo - Situación ambiental en el Chaco Húmedo» (PDF). Red Argentina de Ciencia y Tecnología Forestal. Arkivert frå originalen (PDF) 15. desember 2017. Henta 27. oktober 2024.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Álvarez, Blanca; García, José; Céspedez, Jorge; Hernando, Alejandra; Zaracho, Victor; Calamante, Cinthia; Aguirre, Roberto (2009). «Herpetofauna, provinces of Chaco and Formosa, Chaco Oriental region, north-eastern Argentina». Check List (Pensoft Publishers) 5: 74––82.
- ↑ Caballero-Gini, Andrea Natalia; Bueno-Villafañe first2=Diego; Laino, Rafaela; Musálem, Karim (2020). «Diversity of mammals and birds recorded with camera-traps in the Paraguayan Humid Chaco» (PDF). Museo Nacional de Historia Natural del Paraguay. Arkivert frå originalen (PDF) 7. juli 2024.
- ↑ Huck M; Juarez CP; Rotundo MA; Dávalos VM; Fernandez-Duque E (2017). «Mammals and their activity patterns in a forest area in the Humid Chaco, northern Argentina». Check List 13 (4):: 363–378. doi:10.15560/13.4.363. (CC BY 4.0)
Bakgrunnsstoff
endre- Schipper, Jan. «Humid Chaco». One Earth. Henta 27. oktober 2024.