Tadeusz Ślusarski
Tadeusz Ślusarski (19. mai 1950–17. august 1998) var ein polsk friidrettsutøvar frå Żary som deltok i stavhopp. Han vart olympisk meister i øvinga i 1976, og fekk OL-sølv fire år seinare.
Tadeusz Ślusarski | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 19. mai 1950 Żary |
Død | 17. august 1998 (48 år) Gmina Przybiernów |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976 |
Utmerkingar | ridder av ordenen Polonia Restituta, Fortjenstkorset i gull, offiser av Ordenen Polonia Restituta, Odznaka „Zasłużony Mistrz Sportu” |
Aktiv
endreI 1972 forbetra Ślusarski den polske rekorden i stavhopp til 5,31 m. Under sommar-OL 1972 var han ein av dei fire finalistane som ikkje klarde opningshøgda, og dermed kom på delt 11. plass.
Ślusarski var største favoritten til å ta EM-gull i Roma 1974, ettersom han i juni månad hadde sett polsk rekord med 5,42 meter, det nest beste stavhoppet i verda gjennom heile sesongen. Men i finalen mislukkast han i å ta seg over 5,30 m, og kom på ein delt sjuandeplass.
Ślusarski vart olympisk gullmedaljør i stavhopp under OL 1976 i Montreal. Han hoppa 5,50 meter, same høgda som sølvmedaljøren Antti Kalliomäki frå Finland og bronsemedaljevinnaren David Roberts frå USA presterte. Fire år seinare, under OL 1980 i Moskva hoppa han 5,65 m i stavfinalen og kom på delt andreplass bak landsmannen og gullvinnaren Władysław Kozakiewicz, som sette ny verdsrekord med eit hopp på 5,78 m.
I sitt siste store meisterskap, den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsingfors i 1983, vart Ślusarski nummer fire etter å ha gått over 5,55 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 1972 i München: Nr 11
- EM 1974 i Roma: Nr 7 – 5,20 m
- OL 1976 i Montreal: Gullmedalje – 5,50 m, framom Antti Kalliomäki (5,50 m)
- OL 1980 i Moskva: Sølvmedalje – 5,65 m, delt med Konstantin Volkov
- VM 1983 i Helsingfors: Nr 4 – 5,55m
Ślusarski omkom i ei bilulukke saman med gullmedaljøren i kulestøyt frå OL 1972, landsmannen Władysław Komar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tadeusz Ślusarski» frå Wikipedia på tysk, den 3. september 2014.