Władysław Komar
Władysław Komar (11. april 1940–17. august 1998) var ein polsk friidrettsutøvar fødd i Kaunas i dagens Litauen. Han vart olympisk meister i kulestøyt under OL 1972 i München. Tidlegare hadde han vunne to bronsemedaljar under høvesvis EM i friidrett 1966 og EM i friidrett 1971.
Władysław Komar | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 11. april 1940 Kaunas |
Død |
17. august 1998 (58 år) |
Yrke | skodespelar, politikar, friidrettsutøvar, boksar, rugbyspelar |
Språk | polsk |
Høgd | 196 centimeter |
Far | Władysław Komar |
Mor | Wanda Komar |
Władysław Komar på Commons |
Aktiv
endreKomar vart nummer fire i kulestøyt under friidretts-EM 1962. I 1964 sette han personleg rekord med 19,50 meter og stod for det beste kuleresultatet i Europa den sesongen, men vart berre nummer ni under OL 1964 i Tokyo. To år seinare fekk han bronsemedaljen i EM i Budapest, i ein sesong der han forbetra sin polske rekord til 19,61 m. I 1968 kom han på sjetteplassen under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen.
I mai 1970 passerte Komar 20-metersgrensa då kula landa på 20,22 m. Året etter la han på til 20,55 meter, så det var ikkje uventa at han tok si andre EM-bronse under friidretts-EM 1971 i Helsingfors.
Gjennom 1972-sesongen forbetra han den polske kulerekorden fleire gongar. Han starta den 1. mai med 20,59 m, og la på til fyrst 20,87 m og så 20,90 m, før mai månad var over. Med 20,95 vann han midt i juni kuletevlinga i landskampen mellom Storbritannia og Polen i Edinburgh, for så å støyte 21 meter jamnt den 2. juli. Under dei olympiske leikane i München den 9. september 1971 var Komar ein av aktørane i ei svært spanande tevling. Komar smelte til med 21,18 m og polsk reekord i fyrste omgang. Dei mange favorittane frå USA og Aust-Tyskland truga Komars leiing for kvar gong dei gjekk i ringen, men ingen makta å overgå han. George Woods vart sølvvinnar med 21,17 m, medan Hartmut Briesenick snappa bronsen frå landsmannen Hans-Peter Gies, begge nådde 21,14 m, på betre andrestøyt.
I august 1974 sette Komar sin siste landsrekord, då han støytte 21.19 m, ein cm lengre enn han gjorde då han vann OL-gullet. Få veker vart han nummer seks i europameisterskapen.
Komar tok fem medaljar i europeiske innandørsmeisterskap i tida 1966-78, tre sølv- og to bronsemedaljar. Desse meisterskapane hadde jamnast svakare deltaking enn utandørsmeisterskapane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1962 i Beograd: Nr 4 – 18,00 m
- OL 1964 i Tokyo: Nr 9 – 18,20 m
- EM 1966 i Budapest: Bronsemedalje – 18,68 m
- OL 1968 i Mexico by: Nr 6 – 19,28 m
- EM 1971 i Helsingfors: Bronsemedalje – 20,04 m, bakom Heinz-Joachim Rothenburg (20,47 m)
- OL 1972 i München: Gullmedalje – 21,18 m, framom George Woods (21,17 m)
- EM 1974 i Roma: Nr 6 – 19,82 m
Etter OL-gullet i München var Komar ein av Polens mest populære sportsutøvarar. Hans lystige lynne gjorde han seinare til ein populær skodespelar og fjernsynskommentator.
Komar, den tidlegare stavhopparen Tadeusz Ślusarski og ein tredjemann, omkom i ei bilulukke ved landsbyen Ostromice i Vorpommern. Dei var då på veg heim frå ein idrettsfest. Komar vart 58 år gammal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Władysław Komar» frå Wikipedia på tysk, den 28. september 2014.