Antti Kalliomäki

finsk politikar

Antti Tapani Kalliomäki (fødd 8. januar 1947) er ein finsk tidlegare idrettsutøvar og politikar frå Siikainen. Han vann sølv i stavhopp under Sommar-OL 1976 i Montreal og i EM i Praha 1978. Som idrettsmann var «han utrustet med gudbenådede konkurransenerver».[1] Sidan var Kalliomäki i 28 år representant i den finske Riksdagen og i til saman 8 år medlem i tre ulike regjeringar i Finland.

Antti Kalliomäki


Statsborgarskap Finland
Fødd 8. januar 1947 (77 år)
Siikais
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Friidrett endre

Kalliomäki svinga seg over 5,00 m fyrste gongen i 1968. Under landskampen Finland – Tsjekkoslovakia fall han forkjært og braut høgre fot, noko som førte til at han ikkje deltok i Sommar-OL i Mexico-byen. Fyrst tre år seinare forbetra han sitt personbeste, då han i 1971 klarte 5,20 m. Same sesongen tok han sitt fyrste av fem strake finske meisterskapsgull. Sommaren 1972 forbetra Kalliomäki den finske stavhopp-rekorden med 10 cm til 5,41 m. Han høyrde dermed mellom medaljekandidatane i OL i München, men der mislukkast han heilt i finalen. Derimot hadde han mykje meir suksess i innandørsmeisterskapane; i tida 1972–77 sanka han bronse i 1972, sølv i 1974, gull i 1975, og sølv i både 1976 og 1977.

I 1973 forbetra Kalliomäki den finske stav-rekorden til 5,47 m ved den finske meisterskapen. Året etter kom han på ein delt fjerdeplass i europameisterskapen i Roma. Under dei olympiske sommarleikane i Montreal var Kalliomäki ein av tre utøvarar som tok seg over 5,50 m i fyrste forsøk, ingen klarte neste høgde. Han og polske Tadeusz Ślusarski hadde gått over lista i alle tidlegare forsøk, David Roberts frå USA hadde eitt riv på 5,35 m og fekk bronsen. Avgjerande i gullstriden vart at Ślusarski berre hadde tre hopp før riva kom, Kalliomäki hadde fem hopp før han reiv på 5,55 m, dermed måtte han ta til takke med sølvmedaljen. Tre veker etter OL-tevlinga forbetra han sin finske rekord til 5,53 m i eit stemne i Tampere.

Kalliomäki vart finsk meister att i 1977 og i 1978. Etter ein litt svakare sesong i 1977 sette han nordisk rekord med 5,58 m i eit stemne i Raahe midt i juli 1978, ein rekord han tre veker etter høgde til 5,60 m i Lohja. Ved europameisterskapen 1978 i Praha den 1. september stoppa han på 5,50 m og fekk sølv, sovjetiske Vladimir Trofimenko tok seg over 5,55 m.

Sommaren 1980 forbetra Kalliomäki den nordiske rekorden til 5,63 m i Sotkamo, og tre veker seinare, den 13. juli i Raahe til 5,66 m. Under Sommar-OL 1980 to veker etter rekordhoppet, lukkast han ikkje å gå over opningshøgda si, 5,35 m, i kvalifiseringa. Også i Friidretts-EM 1982 rauk han ut etter tre riv i kvalifiseringa. Derimot lukkast han i 1982-sesongen å verte finske meister i stavhopp for åttande gong.

Han la opp i 1983.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Politikk endre

Frå 1983 til 2011 var Kalliomäki riksdagsmann i Finland, som representant for Sosialdemokratane (SDP). Periodane 1991-95 og 1999-2003 var han parlamentarisk leiar for SDP, og tida 1995-99 var han industri- og handelsminister i Lipponen-regjeringa. Sidan var han 2003-05 finansminister i ei koalisjonsregjering leia av fyrst Anneli Jäätteenmäki og deretter Matti Vanhanen, Kalliomäki var så 2005-07 utdanningsminister i Vanhanens fyrste regjering. Som utdanningsminister sette Kalliomäki seg mot framlegget til studieavgift for studentar frå utanfor EØS-området, eit framlegg som vart vedteke etter Sosialdemokratane og Kalliomäki braut ut or regjeringa.

Kjelder endre

  1. Aftenposten 29.8.1978