Tadmur
Tadmur (arabisk تدمر; òg skrive Tadmor, Tudmur; i antikken Palmyra) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement. Han ligg i ein oase midt i Den syriske ørkenen 215 km nordaust for Damaskus[2] og 180 km sørvest for Eufrat. Dei gamle ruinane av Palmyra ligg kring 500 meter sørvest for Tadmur.[3] Sjølv om han er relativt isolert er stader i nærleiken Arak i aust, al-Sukhnah lenger nordaust, Tiyas i vest og al-Qaryatayn i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Tadmur eit folketal på 51 323 i 2004.[1] Innbyggjarane vart registrert som sunnimuslimar i 1838.[4]
Tadmur | |||
تدمر | |||
by | |||
Den moderne byen Tadmur
| |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Homs | ||
Distrikt | Tadmur | ||
Nahiyah | Tadmur | ||
Høgd | 405 moh. | ||
Koordinatar | 34°33′36″N 38°16′2″E / 34.56000°N 38.26722°E | ||
Folketal | 51 323 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Retningsnummer | 31 | ||
Tadmur 34°33′36″N 38°16′02″E / 34.56°N 38.267222222222°E | |||
Kart som viser Tadmur.
| |||
Wikimedia Commons: Tadmur |
Økonomi
endreTadmur er den moderne busetnaden som ligg ved den antikke byen Palmyra, og utvikla seg like nord for dei gamle ruinane.[5] Den moderne byen er bygd etter eit rutemønster. Quwatligata er hovudgata og går frå aust til vest, og startar ved Saahat al-Ra'is-plassen vest i byen.[3] Byen er i dag base for turistar som vitjar ruinane.[5] Han har eit museum sørvest i byen.[3] Syria held ein årleg kulturfestival i Tadmur for å feire den antikke arva.[6] Palmyra lufthamn ligg ved Tadmur.
Tadmur er òg eit senter for fosfatutvinning og naturgassindustrien i Syria.[5] Den første fosfatgruva driven av staten vart grunnlagd nær Tadmur og produksjonen starta i 1971.[7] Arbeidet med å knyte fosfatgruvene i Tadmur til hamna i Tartus byrja i 1978.[8] I 1986 oppdaga landmålarar frå 1986 store jernmalmførekomstar i nærleiken av Tadmur.[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tadmur» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Carter, Terry (2008). Syria and Libanon 3. Lonely Planet. ISBN 1741046092.
- Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster.
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
- ↑ Syria uncovers 'largest church' BBC News Online, 14. november 2008. Henta 29. mars 2014.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Carter, s. 205.
- ↑ Smith, 1841, s. 174.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Knowles, 2006.
- ↑ Cavendish, s. 439.
- ↑ Federal Research Division, s. 169.
- ↑ Federal Research Division, s. 194.
- ↑ Federal Research Division, s. 170.