Opna hovudmenyen

Taiz (arabisk تعز Taʿizz) er ein by i fjella i Jemen, nær den kjende hamnebyen Mokka ved Raudehavet. Han ligg kring 1400 meter over havet med fjellet Sabir like i nærleiken på 3006 moh. Han er hovudstaden i Taiz guvernement. Med eit folketal på over 600 000 i 2005, er han den tredje største byen i Jemen etter hovudstaden Sana og den sørlege hamnebyen Aden. Han vert rekna som kulturhovudstaden i Jemen.

Taiz
تعز (Taʿizz)
by
Taizz flicr02.jpg
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Guvernement Taiz
Høgd 1 400 moh.
Koordinatar 13°34′44″N 44°01′19″E
Folketal 615 222 (2014)
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ta'izz

Innhaldsliste

HistorieEndra

 
Flyfoto av byen.
 
Hagen ved Kairoborga.

OversynEndra

I år 130 evt. vart det grunnlagd eit jødisk kvarter i byen.

Namnet på byen vart først nemnt på 1100-talet då Mahdi, bror til Salah ad-Din, kom til Jemen i 1173. Han bygde festningsverk i byen. Den andre rasulidekongen, Almaddhafar, gjorde på slutten av 1200-talet Taiz som den andre hovudstaden i Rasulid-dynastiet etter Zabid. Ibn Battutah vitja Taiz på 1300-talet og skildra han som ein av dei største og vakraste byane i Jemen.

Taiz heldt seg innafor bymurane fram til 1948, då imam Ahmed gjorde han til den andre hovudstaden i Jemen og let byen vekse utafor festningsmurane.

Under det jemenittiske opprøret i 2011 klarte regjeringsfiendtlege styrkar om å få kontroll over byen etter harde kampar. Den 22. mars 2015 tok houthiar og styrkar som var lojale til den tidlegare presidenten Ali Abdullah Saleh byen etter statskuppet deira i Sana.[1]

GeografiEndra

KlimaEndra

Taiz har eit tropisk savanneklima som er lett moderert av høgda. Den normale maksimumstemperaturen i august er 33 °C. Årsmiddelnedbøren i Taiz er kring 600 mm, men i fjellet Jabal Sabir i nærleiken kjem det truleg opp mot 1000 mm.

Klimadata for Taiz
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 26.3 27.4 27.9 28.3 29.0 31.3 32.5 31.7 31.3 31.1 29.6 27.1 29 46
Normal min. temp. °C 14.1 15.3 17.3 18.8 19.5 19.9 20.2 19.1 17.8 16.9 15.7 14.9 17,5
Nedbør (mm) 9 12 37 68 89 73 60 89 110 91 17 5
Kjelde nr. 1: Hydrological Sciences[2]
Kjelde nr. 2: Journal of Environmental Protection[3]

ØkonomiEndra

Tidlegare var Taiz kjend for kaffiproduksjon. Kaffien som vart produset i Taiz vart rekna som den finaste i regionen tidleg på 1900-talet.[4] Kaffien spelar framleis i stor rolle for økonomien til byen, men det vert òg dyrka mango, granateple, banan, papaya, grønsaker, korn, lauk og khat i landskapet kring byen.[5]

Av industriar i Taiz finn ein bomullsveving, garving og smykkeproduksjon.

SamferdsleEndra

Taiz har vegsamband til resten av landet. Byen vert betjent av Taiz internasjonale lufthamn.

KjelderEndra

  1. «Rebels Seize Key Parts of Jemen’s Third-Largest City, Taiz». The New York Times. 22. mars 2015. Henta 1. juni 2016. 
  2. «Rainfall and Runoff in Jemen» (PDF). Hydrological Sciences. Henta 18. mars 2013. 
  3. Al-Buhairi, Mahyoub H.; «Analysis of Monthly, Seasonal and Annual Air Temperature Variability and Trends in Taiz City - Republic of Jemen»; in Journal of Environmental Protection, 2010 (1) ; s. 401-409
  4. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 83. 
  5. Jementurisme.com, http://www.yementurisme.com/services/touristguide/detail.php?ID=2044

BakgrunnsstoffEndra