Tararua District ligg nær det søraustlege hjørnet på NordøyaNew Zealand. Distriktet vart danna i 1989 og gjeve namn etter fjellrekkja Tararua Range, som utgjer mykje av distriktet si grense mot vest. Folketalet er 17 750 (estimat frå juni 2008)[2] og flatevidda 4 360,56 km².

Tararua District
Tararuafjella sett frå Pori Road nær Tiraumea
Land  New Zealand
Region Manawatū-Whanganui
Areal 4 360,56 km²
Folketal 17 943 (6. mars 2018)[1]
Kart
Tararua District
40°26′53″S 176°01′23″E / 40.448°S 176.023°E / -40.448; 176.023
Wikimedia Commons: Tararua District

Den nordvestlege grensa til distriktet går langs toppane til fjellrekkja Ruahine Range, den søraustlege er Stillehavet. Nedslagsområdet til Manawatu-elva avgrensar i store trekk utbreiinga mot nord og sør. Dette nedslagsområdet er også grunnen til at storparten av distriktet ligg i regionen Manawatū-Whanganui, sjølv om mange av innbyggjarane i distriktet tradisjonelt har rekna seg å høyra til anten Hawke's Bay (mot nord) eller Wairarapa (i sør).

Byar og regionstyre endre

Den største byen i distriktet er Dannevirke som vart oppretta av immigrantar frå Danmark i 1872. Han er òg administrasjonssenteret i distriktet. Andre busetnader (frå sør til nord langsetter dei viktigaste dalføra) er Eketahuna og Pahiatua, som har sine eigne lokalstyre, og Woodville, Ormondville og Norsewood. Nær kysten ligg Pongaroa, Herbertville, Akitio og Alfredton.

Medan den største delen (98,42 % av landarealet) i Tararua District er ein del av regionen Manawatū-Whanganui, høyrer til ein liten trekant ruralt område (1,58 % av landarealet) nord for Owahanga River søraust i distriktet Regionen Wellington. Ved folketeljinga i 2006 budde det berre tre menneske i dette området, kjent som Mara. Det var ein nedgang frå 12 ved folketeljingane i 1996 og 2001.

«Forty-Mile Bush» endre

europearane busette seg i dette området, var det nesten fullstendig skogkledd og vart kalla «Forty-Mile Bush». Tilflytting og rydding av skog gjorde det til eit blømande jordbruksdistrikt, sjølv om områda nær Stillehavskysten enno er spreidd busette.

Økonomi endre

Jordbruk er hovudnæringsvegen i distriktet. Andre verksemder er tekstilindustri, matfabrikasjon og handel. Det er venta at kommersielt skogbruk vert meir økonomisk viktig for distriktet i framtida.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre