Dannevirke på New Zealand

Dannevirke (dansk for 'dansk skaparverk' eller 'dansk verk') er ein landleg tenesteby i regionen Manawatu-WanganuiNew Zealand. Det er den største byen og administrasjonssenter i distriktet Tararua, det austlegaste av distrikta i regionen Manawatu-Wanganui. Det omliggjande området har vorte utvikla til eit jordbruksland med vekt på mjølkeproduksjon og sauehald, som no er hovudnæringsgreiner for dei om lag 6 000 innbyggjarane i byen.

Dannevirke
Tāmaki-nui-a-Rua (maori)
Horisonten til Dannevirke på New Zealand
Horisonten til Dannevirke på New Zealand
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Manawatu-Wanganui
Tararua
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

5 517
Koordinatar 40°12′0″S 176°6′0″E / 40.20000°S 176.10000°E / -40.20000; 176.10000
Høgd over havet 210 m
Diverse anna
Heimeside: http://www.dannevirke.net.nz/
Plassering
Dannevirke på New Zealand is located in New Zealand

Historie endre

Byen vart grunnlagd 15. oktober 1872 av danske, norske og svenske innvandrarar, tilhengjarar av skandinavismen, som kom til hamnebyen Napier og drog innover i landet. Nybyggjarane, som kom til landet under ei tilrettelagt innvandring, lovregulert i Public Works Act, skipa den første busetnaden sin i ein rydning i skogområdet som var kalla Seventy Mile Bush.

Dannevirke, som byen fekk namn etter, var ei større dansk festningslinje frå vikingtida, og var eit stort kjenslemessig symbol for danskane på 1800-talet, særleg etter at ho var fallen i hendene på tyskarane under den andre slesvigske (dansk-tyske) krigen i 1864 - ei nyleg inntroffen og smertefull hending for desse nybyggjarane.

Busetnaden fekk tidleg kallenamnet «svillebyen», etter som byen produserte totara-sviller til jarnvegen. På ei tid hadde området 50 sagbruk i drift. Etter at den naturlege skogen var rydda, vart landet brukt som beiteområde for husdyr.

Anna endre

Den australsk politikaren og tidlegare førsteministeren i Queensland, Johannes Bjelke-Petersen, var fødd i Dannevirke.

Antipoden til Dannevirke ligg nær Getafe sentralt i Spania.

Kjelder endre

  1. Folketeljinga i 2006 - Statistics New Zealand

Bakgrunnsstoff endre