«Tattoo»
Song av Loreen

Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 17. januar 2023
Sjanger Pop
Lengd 03:02
Selskap Universal Music Sweden
Komponist Jimmy Joker, Jimmy Jansson, Loreen, Cazzi Opeia, Peter Boström, Thomas G:son
Låtskrivar(ar) Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Jimmy Jansson, Lorine Talhaoui, Moa Carlebecker, Peter Boström, Thomas G:son

«Tattoo» (norsk omsetjing ‘tatovering’) er ein popsong frå 2023 med den svenske songaren og låtskrivaren Loreen. Songen blei gjeven ut 25. februar 2023 og er skriven av Loreen sjølv, saman med Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Jimmy Jansson, Cazzi Opeia, Peter Boström og Thomas G:son. «Tattoo» vann svenske Melodifestivalen i 2023 og deretter Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen

endre

«Tattoo» er skriven av Loreen sjølv, saman med Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Jimmy Jansson, Cazzi Opeia, Peter Boström og Thomas G:son. Songen handlar om å kjempe for kjærleiken og er i sjangeren pop og europop. Tittelen viser til at den ho elskar, er festa til ho som ei tatovering.[1][2][3]

«Tattoo» blei send inn til SVT si songtevling Melodifestivalen 2023. Der blei han plukka ut til å delta blant 28 deltakarlåtar. Loreen hadde tidlegare delteke i Melodifestivalen i 2011, 2012 og 2017. Ho vann finalen i 2012 med «Euphoria», som også vann Eurovision Song Contest 2012 i Baku. Låten blei seinare ein stor hit i heile Europa.

«Tattoo» vann den fjerde delfinalen laurdag 26. februar 2023, men måtte framføre på nytt etter at ein demonstrant storma scena under den fyrste framføringa til Loreen.[4] Før finalen var «Tattoo» den store favoritten, både til å vinne Melodifestivalen og Eurovision Song Contest 2023.[5][6]

Eurovision Song Contest

endre

Som vinnar av Melodifestivalen blei «Tattoo» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Sverige blei trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023, der songen fekk startnummer 11. Låten enda på andreplass i semifinalen og blei kvalifisert til finalen laurdag 13. mai.

Før Eurovision Song Contest var «Tattoo» klår favoritt til å vinne tevlinga, med ein rekna vinnarsjanse på 50 prosent på finaledagen.[7][8]

«Tattoo» vann Eurovision Song Contest 2023 etter at låten fekk 340 poeng i juryavrøystinga og 243 poeng i telefonavrøystinga, totalt 583 poeng. Dette var 57 poeng meir enn nummer to, det finske bidraget «Cha cha cha». Dette var den sjuande sigeren til Sverige i Eurovision Song Contest, like mange som Irland hadde til då.

Listeplasseringar

endre
Liste (2023) Høyeste
plassering
  Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[9] 1
  Australia (ARIA Digital Track Chart)[10] 9
  Belarus (Unistar)[11] 6
  Belgia (Ultratop 50 Flandern)[12] 1
  Belgia (Ultratop 50 Vallonia)[13] 2
  Bulgaria (PROPHON)[14] 3
  Canada (Billboard Digital Song)[15] 37
  Danmark (Tracklisten)[16] 13
  Ecuador (Monitor Latino – Anglo)[17] 8
  Estland (Radiomonitor)[18] 4
  Finland (Suomen virallinen lista)[19] 3
  Frankrike (SNEP)[20] 31
Global 200 (Billboard)[21] 15
  Hellas (IFPI Greece, internasjonal musikk)[22] 1
  Irland (IRMA)[23] 3
  Island (Tónlistinn)[24] 1
  Israel (Media Forest)[25] 1
  Italia (FIMI)[26] 24
  Kroatia (Billboard)[27] 5
  Kroatia (HRT ARC 100)[28] 4
  Latvia (EHR)[29] 1
  Litauen (AGATA)[30] 2
  Luxembourg (Billboard)[31] 1
  Nederland (Nederlandse Top 40)[32] 1
  Nederland (Single Top 100)[33] 1
  New Zealand (RMNZ Hot Singles)[34] 19
  Noreg (VG-lista)[35] 2
  Polen (Strøyming Top 100)[36] 4
  Portugal (AFP)[37] 15
  Romania (Billboard)[38] 18
  Russland (TopHit Airplay)[39] 13
  Serbia (Radio Monitor)[40] 2
  Slovakia (Rádio Top 100)[41] 27
  Slovakia (Singles Digitál Top 100)[42] 23
  Slovenia (Radiomonitor)[43] 2
  Spania (PROMUSICAE)[44] 22
  Storbritannia (UK Singles Chart)[45] 2
  Sveits (Schweizer Hitparade)[46] 1
  Sverige (Sverigetopplistan)[47] 1
  Tsjekkia (Rádio – Top 100)[48] 37
  Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)[42] 9
  Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[49] 7
  Ukraina (TopHit Airplay)[39] 26
  Ungarn (Single Top 40)[50] 5

Kjelder

endre
  1. Nyheter, S. V. T. (25. februar 2023). «Loreenom förberedelserna inför Melodifestivalen: ”Har levt på kyckling och broccoli”». SVT Nyheter (på svensk). Henta 11. mars 2023. 
  2. «Loreen - Tattoo» (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  3. «Melodifestivalen2023: Loreen - "Tattoo"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  4. «Dramaunder svenske MGP: Stormet scenen mens Loreen sang». www.vg.no (på norsk bokmål). 25. februar 2023. Henta 11. mars 2023. 
  5. «OddsEurovision Song Contest 2023». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  6. «Swedenis now the bookies’ favorite to win Eurovision 2023». ESCBubble (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  7. Stein Østbø (1. mai 2023). «Eurovision2023: Statistikk peker mot Sverige som vinner». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 8. mai 2023. 
  8. «OddsEurovision Song Contest 2023». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 8. mai 2023. 
  9. «Ö3Austria Top40: Single-Charts - Ö3 Charts». oe3.ORF.at (på tysk). 8. november 2019. Henta 23. mai 2023. 
  10. «The ARIA Report: Week Commencing 22 May 2023». The ARIA Report (1733): 9. 22. mai 2023 – via Australian Recording Industry Association. 
  11. «UnistarTop 20 – 29/05/2023». unistar.by (på russisk). Unistar. 22. mai 2023. Arkivert frå originalen 27. mai 2023. Henta 30. mai 2023. 
  12. «Loreen– Tattoo». ultratop.be. 20. mai 2023. Henta 21. mai 2023. 
  13. «Loreen– Tattoo -ultratop.be». www.ultratop.be. 20. mai 2023. Henta 21. mai 2023. 
  14. «ChartsArchive – 9 June 2023». www.prophon.org (på bulgarsk). 9. juni 2023. Henta 10. juni 2023. 
  15. devops (22. desember 2014). «CanadianDigital Song Sales». Billboard (på engelsk). Henta 5. juni 2023. 
  16. «TrackTop-40, uge 21 – 2023». Hitlisten.NU. Hitlisten.NU. 1. juni 2023. Henta 5. juni 2023. 
  17. monitorLATINO. «Top20 Ecuador música». charts monitorLATINO (på spansk). Henta 5. juni 2023. 
  18. «Estonia– RADIO AIRPLAY CHART». radioairplay.fm (på engelsk). Henta 11. juni 2023. 
  19. SuomenVirallinen Lista. «Tattoo». Musiikkituottajat (på finsk). Henta 1. april 2023. 
  20. «TopSingles – Semaine 22 – 2023». SNEP (på fransk). 2. juni 2023. Henta 5. juni 2023. 
  21. «BillboardGlobal 200: Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023. 
  22. «OfficialIFPI Charts Digital Singles Chart (International) Εβδομάδα: 20/2023». www.ifpi.gr. IFPICharts. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 27. mai 2023. 
  23. «OfficialIrish Singles Chart Top 50». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  24. «TÓNLISTINN– Streymi, spilun og sala viku 19, 2023» (på islandsk). TónlistinnPlötutíðindi. 13. mai 2023. Arkivert frå originalen 15. mai 2023. Henta 18. mai 2023. 
  25. tool, nivthe (22. mai 2023). «שיריםמובילים - רדיו - בינלאומי – המצעד השבועי של מדיה פורסט [Media Forests ukentlige parade – Topplåter – radio – internasjonalt]». mediaforest-group. Arkivert frå originalen 22. mai 2023. Henta 22. mai 2023. 
  26. «Classificasettimanale WK 20 (dal 12.05.2023 al 18.05.2023)». www.fimi.it (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  27. Cusson, Michael (23. februar 2022). «CroatiaSongs: Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). Henta 23. mai 2023. 
  28. «HRTAirplay Radio Chart» (PDF). HRT. 22. mai 2023. Henta 5. juni 2023. 
  29. www.cube.lv, Cube/ (12. mai 2023). «EHRTOP 40 – 2023.05.12». ehrmedjiugrupa.lv (på latvisk). European Hit Radio. Arkivert frå originalen 15. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  30. «202320-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  31. «LuxembourgSongs – Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023. 
  32. Top 40, Stichting Nederlandse. «Loreen- Tattoo | Top 40». Top40.nl (på nederlandsk). Henta 23. april 2023. 
  33. «Tattoo– Loreen». dutchcharts.nl. Dutch Charts –dutchcharts.nl. 1. april 2023. Henta 1. april 2023. 
  34. «TheOfficial New Zealand Music Chart». THE OFFICIAL NZ MUSIC CHART (på engelsk). 21. mai 2023. Henta 21. mai 2023. 
  35. «Loreenpå Norges offisielle singelliste». topplista.no. IFPI Norge. 10. mars 2023. Henta 1. april 2023. 
  36. «OLiS- oficjalna lista sprzedaży». www.olis.pl (på polsk). Henta 1. april 2023. 
  37. «Loreen– Tattoo». portuguesecharts.com. Portuguese charts portal. 24. mars 2023. Henta 24. mars 2023. 
  38. «RomaniaSongs – week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). 22. mai 2023. Henta 23. mai 2023. 
  39. 39,0 39,1 «TattooLoreen – TopHit». tophit.com (på engelsk). Henta 1. april 2023. 
  40. «Serbia- RADIO AIRPLAY CHART, uke 22». radioairplay.fm (på engelsk). Henta 5. juni 2023. 
  41. «Tattoo– Loreen – Universal Music». ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 5. juni 2023. 
  42. 42,0 42,1 «Tattoo– Loreen – Universal Music». ifpicr.cz. ČNS IFPI. 29. mai 2023. Henta 5. juni 2023. 
  43. «Slovenia– Radio Airplay Chart – Settimana 23.2023 – dal 02/06/2023 al 08/06/2023». Radiomonitor (på italiensk). Radiomonitor. 9. juni 2023. Henta 11. juni 2023. 
  44. «TOP100 CANCIONES + STREAMING, SEMANA 20: del 12.05.2023 al 18.05.2023». PROMUSICAE. 22. mai 2023. Henta 23. mai 2023. 
  45. «Loreen| full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com. Henta 19. mai 2023. 
  46. «Loreen– Tattoo –hitparade.ch». swisscharts.com. Hitparade.ch. 26. mars 2023. Henta 26. mars 2023. 
  47. «VeckolistaSinglar, vecka 9». Sverigetopplistan (på svensk). 4. mars 2023. Henta 11. mars 2023. 
  48. «Tattoo– Loreen — Universal Music». ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 5. juni 2023. 
  49. «Loreen– Tattoo». Offizielle Deutsche Charts. GfK Entertainment. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  50. «SingleTop 40 slágerlista - Hivatalos magyar slágerlisták». slagerlistak.hu. Henta 27. mai 2023.