Teige i Hyllestad
Teige er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 12.[2][3]
Teige | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Kommune | Hyllestad | ||
Postnummer | 6958 SØRBØVÅG[1] | ||
Gardnummer | 12[2][3] | ||
Ferdselsårer | Kommunal veg til Fv65[4] | ||
Geografi
endreTeige ligg ved Teigevatn og grensar til Rutle, Teigenes, Bjørnestad og Trøsdalen.[3]
Historie
endreTeige vart skild ut frå Rutle i gammal tid som fire teigar som vart gjevne til Øn kyrkje. Garden låg aude frå 1300-talet, og vart ikkje teken oppatt før utpå 1500-talet. Garden vart delt i to bruk kring 1650, og nabogarden Teigenes vart skilt ut som eigen gard i same perioden. Det ytste bruket vart fråflytt i 1952 og husa der er vekke.
Namnet
endreNamnet kjem av at området vart skilt ut frå Rutle som fire teigar i gammal tid, og gjeve til Øn kyrkje. I kjeldene er namnet skrive «Theighar» (DN. XII 232 c. 1490), «Theige» (1603), «Theyge» (1608), «Teige» (1667) og «Teige med Teigenes» (1723).[5]
Teige er brukt som stadnamn fleire andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Teige» i 1986.[6]
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Vitja 2. desember 2010
- ↑ 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 2. desember 2010
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Inger Kellmer (1990). «Teige : Gnr. 12». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 103. ISBN 8299219817.
- ↑ «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Vitja 2. desember 2010
- ↑ «Oluf Rygh: «Teige» i Norske Gaardnavne».
- ↑ «yr.no». Vitja 2. desember 2010
Vidare lesnad
endre- Inger Kellmer (1990). «Teige : Gnr. 12». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 103-110. ISBN 8299219817.