Askvoll

tettstad i Noreg
(Omdirigert frå Tettstaden Askvoll)
For kommunen med same namn, sjå Askvoll kommune.


Askvoll er kommunesenteret i Askvoll kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 730 innbyggjarar per 1. januar 2023, og ligg på nordsida av Vilnesfjorden.

Askvoll
stad
Askvoll
Foto: Egil Husabø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Askvoll
Areal 0,72 km²
Folketal 730  (2023)
Folketettleik 1 014 / km²
Postnummer 6980 ASKVOLL
Preposisjon i Askvoll
Kart
Askvoll
61°20′48″N 5°03′43″E / 61.3467°N 5.06194°E / 61.3467; 5.06194
Wikimedia Commons: Askvoll (village)

I Askvoll ligg kommuneadministrasjonen og barne- og ungdomsskule, i tillegg til lensmannskontor, tannlækjeteneste, sjukeheim, veterinær og NAV-kontor. Staden har også ymse butikkar, hotel, bank og apotek. Her ligg også Askvoll kyrkje frå 1863, og Askvoll har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.

Frå Askvoll er det vegsamband via Riksveg 608 til Riksveg 609 som går mellom Førde langs sørsida av Førdefjorden og til Dale i Fjaler kommune langs nordsida av Dalsfjorden og med ferje frå Eikenes, og via Fv362 nordover på Askvollhalvøya. Det er også ferjesamband til Fure i Fjaler kommune på sørsida av Vilnesfjorden og til øyene Værlandet og Atløy lenger vest i Askvoll kommune.

Bakgrunnsstoff endre