Jevnaker er ein tettstad og administrasjonssenter i Jevnaker kommune med 5 181 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg aust for utløpet av Randselva, sør i Randsfjorden om lag 12 kilometer nordaust for Hønefoss. Jevnaker har jarnbanestasjon langs Roa–Hønefosslinja.

Jevnaker
tettstad
Storgata på Jevnaker
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommune Jevnaker
Areal 3,73 km²
Folketal 5 181  (2023)
Folketettleik 1 389 / km²
Postnummer 3520 JEVNAKER
Innbyggjarnamn jevnakersokning
Preposisjon Jevnaker
Kart
Jevnaker
60°14′28″N 10°23′10″E / 60.24113889°N 10.38602778°E / 60.24113889; 10.38602778

Staden endre

 
Jevnaker stasjon på Toso

Tettstaden Jevnaker er delt i to. Den vestre delen heiter Nesbakken og blir rekna som sentrum. Denne delen ligg fysisk i sørenden av Randsfjorden, på austsida av utløpet til Randselva. Den austre delen heiter Toso og her finn ein jarnbanestasjonen på Jevnaker.

Jevnaker er kjend for sine lokale glasverk, Hadeland Glassverk frå 1762 og Randsfjord Glassverk, som no er lagt ned. Hadeland Glassverk, som ligg midt i mellom Nesbakken og Toso, er eit attraktivt turistmål. Glasverket produserer framleis krystallglas, men driv òg med andre aktivitetar, som lysestøyperi, aktivitetar for barn, restaurant, utsal m.m. Randsfjord Glassverk låg nord i Toso, eit lite stykke ovanfor jarnbanestasjonen.

Det er stor satsing på turisme ved sørenden av Randsfjorden med 2 nye campingplassar under opparbeiding i tillegg til ein som allereie er open i Sløvika, ca. 10 km nord for sentrum. På Jevnaker finst 3 hotell: Torbjørnrud hotell, mest kjent for regjeringskonferansane sine, Halvorsbøle hotell og Randsvangen hotell.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«Jevnaker – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre