The Greatest Live Show on Earth

The Greatest Live Show on Earth
Konsertalbum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1964
Innspelt Birmingham & Montgomery, AL
Sjanger Rock and roll, rockabilly, country
Selskap Smash
Produsent Shelby Singleton, Jerry Kennedy
Jerry Lee Lewis-kronologi 
Golden Hits of Jerry Lee Lewis
(1964)
The Greatest Live Show on Earth The Return of Rock
(1965)


The Greatest Live Show on Earth er eit konsertalbum av pianisten og rock and roll-pioneren Jerry Lee Lewis. Det vart gjeve ut på Smash Records i 1964.

Innspeling endre

Lewis hadde alt gjeve ut eit konsertalbum i EuropaPhilips i 1964 - det kritikarroste Live at the Star Club, Hamburg - men Philips hadde ikkje avtale med Smash og på grunn av juridiske restriksjonar kom ikkje albumet ut i USA. Produsenten Shelby Singleton valde å spele inn eit konsertalbum for Smash og The Greatest Live Show on Earth vart sett saman av konsertar frå Municipal Auditorium i Birmingham i Alabama føre 18 000 fans. Lewis fortalte i boka til Joe Bonomo, Jerry Lee Lewis: Lost and Found at «Shelby hadde mikrofonar over heile scenen. Det var første gongen nokon hadde teke opp eit konsertalbum på den måten. Me fekk eit bra moment og alt måtte gjerast i eitt opptak. Berre eitt forsøk. Eg trur Shelby tok bort noko av pratinga, men det var det.» Lewis vart akkompagnert av det nye turnébandet sitt som etter kort tid vart kjend som The Memphis Beats.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Jenny, Jenny» (Johnson, Penniman) 
2.«Who Will the Next Fool Be» (Charlie Rich) 
3.«Memphis» (Chuck Berry) 
4.«Hound Dog» (Leiber, Stoller) 
5.«I Got a Woman» (Ray Charles, Renald Richard) 
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Hi-Heel Sneakers» (Tommy Tucker) 
7.«No Particular Place To Go» (Chuck Berry) 
8.«Together Again» (Buck Owens) 
9.«Long Tall Sally» (Johnson, Penniman) 
10.«Whole Lotta Shakin' Going On» (David, Williams) 

Kjelder endre