Olympia av Bryan Ferry

studioalbum av Bryan Ferry
Olympia
Studioalbum av Bryan Ferry
Språk engelsk
Utgjeve 25. oktober 2010
Sjanger Sophisti-pop
Lengd 49:18
Selskap Virgin, Astralwerks (USA)
Produsent Bryan Ferry, Rhett Davies, Johnson Somerset
Bryan Ferry-kronologi 
Dylanesque
(2007)
Olympia The Jazz Age
(2012)


Olympia er det trettande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry, gjeve ut av Virgin Records den 25. oktober 2010. Det vart produsert av Ferry og Rhett Davies og er det første Ferry-albumet med hovudsakleg originale songar sidan Frantic i 2002.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
The A.V. ClubB[2]
Clash7/10[3]
Entertainment WeeklyB+[4]
Mojo3/5 stars[5]
Pitchfork Media7.5/10[6]
PopMatters8/10[7]
Rolling Stone3.5/5 stars[8]
Slant Magazine3/5 stars[9]
Spin7/10 stars[10]

Mange har medverka til albumet, som låtskrivaren David A. Stewart frå Eurythmics, Brian Eno, Phil Manzanera og Andy Mackay frå Roxy Music, den elektroniske gruppa Groove Armada, David Gilmour, Marcus Miller, Scissor Sisters, Nile Rodgers, Jonny Greenwood frå Radiohead, Steve Nieve og Flea. Tidleg i innspelingsprosessen vart Olympia utvikla som eit Roxy Music-prosjekt, med mange gjesteartistar. Trass i at det var Roxy Music-medlemmar med på innspelingar, vart det gjeve ut som eit soloprosjekt av Bryan Ferry.

Albumet nådde 19. plassen på UK Albums Chart.

Background endre

Albumet inneheld nokre songar som Ferry tidlegare har spelt inn med andre artistar. «You Can Dance» kom ut i ein versjon som «U Can Dance» på albumet Teufelswerk frå 2009 av DJ Hell. Ein versjon av «Shameless» kom ut på albumet til Groove Armada, Black Light tidlegare i 2010. Albumet inneheld òg coverversjonar av Tim Buckley sin «Song To The Siren» og Traffic sin «No Face, No Name, No Number».

Albumet kom ut i tre versjonar: ei standardutgåve med ti songar, «luksusutgåva» med to ekstra spor og ein DVD med ein dokumentar av innspelinga av albumet, og ein musikkvideo for songen «You Can Dance» og til slutt «samlarutgåva» med dei 12 spora og DVD-en frå luksusutgåva, i tillegg til ein andre CD med remiksar og ei bok på 40 sider.

På plateomslaget er det bilete av motemodellen Kate Moss og er ein referanse til Édouard Manet-måleriet frå 1863 med same namn.[11]

Mottaking endre

AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skreiv om albumet: «Ein slik stemningskontroll er eit tydeleg teikn på ein roleg perfeksjonist, men Olympia kjennest ikkje masete. Det er uroleg og avslappande elegant, den behagelege gjenkjennelegheita reflekterer utholdenheita til ein gammal meister som finsliper handverket sitt.»[12] I ei melding for Rolling Stone skreiv Jon Dolan: «Ferry kunne laga eit album med kantinebandet i Star Wars og det ville høyrst meir eller mindre likt ut: ein haug svulstige, sløve Euro-glam-balladar om kjærleikens tapte arbeid, alle saman i ei sexy-vampyr-røyst som syng linjer om å vere 'trufast omslynga i ei skamlaus verd' til å verke som noko drit..»[13]

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«You Can Dance»Bryan Ferry, David A. Stewart4:29
2.«Alphaville»Ferry, Stewart4:25
3.«Heartache by Numbers»Ferry, Jason Sellards, Scott Hoffman4:56
4.«Me Oh My»Ferry4:30
5.«Shameless»Ferry, Andy Cato, Tom Findlay4:36
6.«Song to the Siren»Tim Buckley, Larry Beckett5:56
7.«No Face, No Name, No Number»Jim Capaldi, Steve Winwood4:40
8.«BF Bass (Ode to Olympia)»Ferry, Phil Manzanera4:09
9.«Reason or Rhyme»Ferry6:52
10.«Tender Is The Night»Ferry, Stewart4:35
Luksusutgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Whatever Gets You Thru the Night»John Lennon3:19
12.«One Night»Dave Bartholomew, Pearl King, Anita Steiman4:00
13.«DVD («The Making of Olympia» og «You Can Dance» musikkvideo)»  
Samlarutgåve CD 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«You Can Dance» (Fred Falke mix) 7:08
2.«Alphaville» (Time and Space Machine mix) 7:06
3.«Heartache by Numbers» (Circus Parade mix) 7:27
4.«Me Oh My» (DJ Cleaver mix)Ferry6:42
5.«Shameless» (Still Going mix) 8:12
6.«BF Bass (Ode to Olympia)» (West End Wolf mix) 9:21
7.«Reason or Rhyme» (Instrumental) 6:54

Medverkande endre

Teknisk

Kjelder endre

  1. «Olympia - Bryan Ferry - Songs, Reviews, Credits - AllMusic». AllMusic. 
  2. Phipps, Keith. «Bryan Ferry: Olympia». 
  3. «Bryan Ferry - Olympia». 
  4. «Olympia». Arkivert frå originalen 2. desember 2010. Henta 25. juli 2021. 
  5. Wirth, Jim (November 2010). «Bryan Ferry Olympia». Mojo. s. 109. 
  6. «Bryan Ferry: Olympia Album Review - Pitchfork». Pitchfork. 
  7. «Bryan Ferry: Olympia». 25. oktober 2010. 
  8. «Rolling Stone review». Arkivert frå originalen 2. desember 2010. Henta 25. juli 2021. 
  9. «Bryan Ferry Olympia – Album Review – Slant Magazine». 
  10. «Bryan Ferry, 'Olympia' (Astralwerks)». 14. oktober 2010. 
  11. Mirkin, Steven (15. oktober 2011). «Bryan Ferry comes back in a big way». The Orange County Register. s. Show Saturday 5. 
  12. «Olympia – Bryan Ferry – Songs, Reviews, Credits - AllMusic». AllMusic. 
  13. Dolan, Jon (26. oktober 2010). «Olympia». Arkivert frå originalen 6. desember 2017. Henta 25. juli 2021.