The Lucky One av Uku Suviste
«The Lucky One» Song av Uku Suviste | ||
Land | Estland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 7. desember 2020 | |
Sjanger | Popballade | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | Horus Music | |
Låtskrivar(ar) | Uku Suviste, Sharon Vaughn | |
---|---|---|
Produsent | Dimitris Kontopoulos |
«The Lucky One» er ein popballade med den estiske songaren Uku Suviste. Songen vart utgjeven 7. desember 2020 og er skriven av den greske låtskrivaren Dimitris Kontopoulos og tekstforfattaren Sharon Vaughn, som begge står bak fleire bidrag til Eurovision Song Contest.[1][2] «The Lucky One» vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2021 og var det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[3]
Om songen
endreSuviste vann Eesti Laul 2020 med songen «What Love Is» og skulle ha representert Estland i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Den estiske kringkastaren ERR tilbaud i staden Suviste ein plass i semifinalen i Eesti Laul 2021.[4] Vinteren 2020 kunngjorde ERR at Suviste skulle delta med låten «The Lucky One», skriven av Dimitris Kontopoulos og Sharon Vaughn. Både låten og ein tilhøyrande musikkvideo vart slopne 7. desember 2020.[5]
«The Lucky One» avanserte frå semifinalen og var ein av tolv deltakarar i finalen i Saku Suurhall i Tallinn laurdag 6. mars 2021.[6] I superfinalen fekk «The Lucky One» flest røyster frå publikum og vann finalen. Songen vart dimed det estiske bidrag i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[7]
Eurovision Song Contest
endreEstland vart trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2021.[8] Semifinalen vart arrangert i Ahoy Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai. «The Lucky One» kom på 13. plass i semifinalen og gjekk dimed ikkje vidare til finalen laurdag 22. mai.[9]
Utgjevingshistorikk
endreRegion | Dato | Format | Merke | Ref. |
---|---|---|---|---|
Diverse | 7. desember 2020 | Digital nedlasting, strøyming | Dtc Music | [1] |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «The Lucky One by Uku Suviste» (på engelsk). Henta 7. mars 2021.
- ↑ «Eurovision: Dimitris Kontopoulos equaled the composer's record with most entries in the same contest» (på engelsk). 1. mars 2020. Henta 7. mars 2021.
- ↑ «Uku proves he's 'The Lucky One'» (på engelsk). 6. mars 2021. Henta 7. mars 2021.
- ↑ «Uku Suviste gets direct pass to Eesti Laul 2021 semi-finals» (på engelsk). 18. mars 2020. Henta 7. mars 2021.
- ↑ «Estonia: Uku Suviste releases the music video of his Eesti Laul 2021 entry ' The Lucky One'» (på engelsk). Henta 7. mars 2021.
- ↑ «Estonia's Eesti Laul 2021: Semi-final two results» (på engelsk). 20. februar 2021. Henta 7. mars 2021.
- ↑ «Estonia: Uku Suviste was "The Lucky One" – Ready for Eurovision 2021». 6. mars 2021. Henta 7. mars 2021.
- ↑ «Uku Suviste wins Estonia’s national selection 'Eesti Laul'». eurovision.tv. 29. februar 2020. Henta 1. mars 2020.
- ↑ «Second Semi-Final 2021: The Qualifiers» (på engelsk). 20. mai 2021. Henta 21. mai 2021.
- Denne artikkelen bygger på «The Lucky One (Uku Suviste-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 17. desember 2021.