The Three Bells
«The Three Bells», òg kjend som «Jimmy Brown» eller «Little Jimmy Brown», er ein song som vart gjort populær av The Browns i 1959.[1] Singelen nådde toppen av den amerikanske country- og pop-lista,[2] og slo den konkurrerande versjonen til Dick Flood. Versjonen til the Browns nådde òg 10. plassen på Hot R&B Sides-lista.[3] Songen var basert på den franske songen «Les trois cloches» av Jean Villard Gilles og Marc Herrand frå 1945. Den engelske teksten vart skriven av Bert Reisfeld og først spelt inn av Melody Maids i 1948. Denne songen vart ein stor hit i 1952–53 for Edith Piaf og Les Compagnons de la chanson. Songen dokumenterer tre stadium i livet til «Jimmy Brown»—fødselen, bryllaupet og døden.
Innspelingar
endreAv dei mange musikarane som har spelt songen finn ein Edith Piaf og Les Compagnons de la chanson, som spelte inn den originale franske versjonen, Tina Arena, Brian Poole and The Tremeloes, Ken Parker, Ray Charles, Nana Mouskouri, Roy Orbison, Johnny Cash & the Carter Family, Floyd Cramer, Daniel O'Donnell, Chet Atkins, Elaine Paige, Sha Na Na, Andy Williams og Alison Krauss & Union Station. Han vart spelt inn på nederlandsk som «De drie klokken» og «Bim bam», på italiensk som «Le Tre Campane» av Schola Cantorum, og spansk med tittelen «Jimmy Brown» av vokalgruppa Mocedades.
«The Three Bells», òg kalla «The Jimmy Brown Song», vart spelt inn for Decca Records i 1951 av The Andrews Sisters. Jim Ed Brown, ein tredjedel av The Browns, gav ut songen i 1969.
I 1974 spelte Naďa Urbánková inn ein tsjekkisk versjon med hennar eigen tekst kalla «Zvony nelžou».[4]
Songen vart parodiert av The Barron Knights som «The Chapel Lead Is Missing» på albumet Night Gallery i 1978.
Med tekst på svensk av Britt Lindeborg, spelte Kikki Danielsson inn songen i 1979 på debutalbumet Rock'n Yodel som «Och vi hörde klockor ringa».
Lister
endreThe Browns
endreListe (1959) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 1 |
Australia | 1 |
Norske VG-Lista | 6 |
Jim Ed Brown
endreListe (1969) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 29 |
Canadian RPM Country Tracks | 22 |
Brian Poole and the Tremeloes
endreListe (1965) | Plassering |
---|---|
U.K. Singles Charts | 17 |
Brian O'Donnell
endreListe (1993) | Plassering |
---|---|
U.K. Singles Charts | 71 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Three Bells» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Show 11 - Tennessee Firebird. [Part 3], Big Rock Candy Mountain. [Part 1] : UNT Digital Library
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 59.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 88.
- ↑ «Naďa Urbánková - Zvony nelžou». Nadaurbankova.cz. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 3. mars 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- «Les trois cloches" frå The Originals