Karl Johan August Theodor Scheerer (28. august 181319. juli 1875) var ein tysk-norsk bergmann og mineralog.

Theodor Scheerer
Fødd28. august 1813
Berlin
Død19. juli 1875
Dresden
NasjonalitetDeutsches Reich, Tyskland
Yrkemetallurg, universitetslærar, kjemikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Technische Universität Bergakademie Freiberg
MedlemDet bayerske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det saksiske vitenskapsakademiet

I 1830-åra var han kjemikar og hyttemeister ved Modum Blaafarveværk, og frå 1841 lektor i metallurgi, proberkunst og fabrikklære ved Universitetet i Christiania. Scheerer oppdaga, skildra og sette namn på heile 16 nye sjeldne mineral frå norske pegmatittgangar, der fem framleis gjeld som førstegangsskildringar (euxenitt-(Y), wøhleritt, polykras-(Y), melifanitt og astrofyllitt). Han oppdaga nikkelmineralet pentlanditt frå Espedalen og påviste nikkelinnhaldet i dei norske nikkelførande kismalmane. Frå 1848 var han professor ved Bergakademiet i Freiberg i Sachsen.

Han gav ut Lehrbuch der Metallurgie (2 bind, 1846–53).

KjelderEndra