Polykras
Polykras eller polykras-(Y) er eit svart eller brunt metallisk kompleks av uran, yttrium og oksidmineral med formel (Y,Ca,Ce,U,Th)(Ti,Nb,Ta)2O6. Det er amorft. Polykras har ein Mohs hardleik på 5 til 6 og ein spesifikk gravitet på 5. Stoffet er radioaktivt på grunn av uran-innhaldet (rundt 6 %). Ein finn det i granittiske pegmatittar. Mineralet er nær nærskyldt med euxenitt.
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Mineral | ||
Kjemisk formel | (Y,Ca,Ce,U,Th)(Ti,Nb,Ta)2O6 | ||
Strunz-klassifisering | 04.DG.05 | ||
Dana-klassifisering | 08.03.08.01 | ||
Identifikasjon | |||
Krystallsystem | Ortorombisk - dipyramidalt | ||
Kløyv | Vanleg på {201} | ||
Mohs hardleiksskala | 5 - 6 | ||
Glans | Vitrøs, feittaktig | ||
Strekfarge | Brun | ||
Transparens | Halvgjennomskinleg til opak | ||
Spesifikk vekt | 4,97 – 5,04 | ||
Ultrafiolett fluorescens | Ingen | ||
Andre eigenskapar | Radioaktivt |
Polykras var først skildra i 1870 frå Rasvåg på Hidra ved Flekkefjord.
Førekomst
endrePolykras finn ein som langstrakte, tavleforma krystallar på fleire stader i mineralgangar i Slättåkra ved Jönköping i Sverige. Det finst i Setesdalen i Noreg og i Nord- og Sør-Carolina og Rocky Mountains i USA.
Kjelder
endre- Mindat with location data
- Webmineral
- Meyers varulexikon, Forum, 1952
- Denne artikkelen bygger på «Polycrase» frå Wikipedia på engelsk, og «Polykras» frå Wikipedia på svensk den 1. mai 2013.