Astrofyllitt (av astro- og fylitt) er eit mineral som opptrer i gyllenbrune, glimmerliknande blad. Astrofyllitt er eit silikat som inneheld natrium, kalium, jarn, mangan, titan og stadvis òg zirkonium.

Astrofyllitt

Generelt
KategoriInosilikat
Astrofyllittgruppa
Kjemisk formel(K,Na)3(Fe++,Mn)7Ti2Si8O24(O,OH)7
Strunz-klassifisering09.DC.05
Identifikasjon
FargeGulbrun til gul; sjeldan grønaktig
KrystallformSøyleforma til blada, strålande, stjerneforma; lamellære massar
KrystallsystemTriklinsk
Kløyvperfekt på [001] uperfekt på [100]
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala3-4
Glansfeittete, perleaktig, undermetallisk
StrekfargeGulaktig brun eller kvit
TransparensGjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt3.2–3.4
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa positive
Brytingsindeksnα = 1.680 nβ = 1.700 nγ = 1.730
Dobbeltbryting0.050
PleokroismeSterk: X= djup raud-oransje Y= oransje-gul Z= sitrongul
Kjelder[1][2][3]

Det vart først oppdaga i nefelinsyenittpegmatittar ved Langesundsfjorden, skildra av K. J. A. T. Scheerer i 1854.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre