Thierry Vigneron
Thierry Vigneron (fødd 9. mars 1960) er ein fransk tidlegare stavhoppar. Han var verdsrekordhaldar i øvinga 1980, 1981 og 1983-84 og vann OL-bronse i 1984 og VM-sølv i 1987.
Thierry Vigneron | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 9. mars 1960 (64 år) Gennevilliers |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980 |
Aktiv
endreVigneron sette europarekord då han 1. mai 1980 hoppa 5,67 meter, ein rekord som polske Władysław Kozakiewicz forbetra seinare i månaden då han sette verdsrekord med 5,72 m. Den 1. juni flytta Vigneron verdsrekorden til 5,75 meter ved den franske meisterskapen i Colombes. I løpet av sommaren 1980 tok fyrst franske Phillipe Houvion seg over 5.77 m, og deretter Kozakiewicz seg over 5,78 m. Under Sommar-OL i Moskva enda Vigneron på ein skuffande sjuandeplass.
Den 20. juni 1981 vart Vigneron verdsrekordhaldar på ny då han svinga seg over 5,80 m. Korkje ved EM 1982 eller Friidretts-VM 1983 makta han å melde seg på i medaljestriden. Kort etter den sistnemnde meisterskapen, den 28. august 1983 i Roma, forbetra han verdsrekorden sin til 5,83 meter. Den rekorden stod til 26. mai 1984, då Serhij Bubka byrja si lange tid som verdsrekordhaldar.
Vigneron kom på delt tredjeplass og fekk bronse under Sommar-OL 1984 i Los Angeles. Tre år seinare tok han sølvmedaljen då verdsmeisterskapen vart avvikla på Stadio Olimpico i Roma. Elles sigra han i stavhopp-tevlingane i hall-EM 1981, 1984 og 1987. Han var aktiv til 1996.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 1980 i Moskva: Nr 7 – 5,45 m
- EM 1982 i Aten: Nr 5 – 5,50 m
- VM 1983 i Helsinki: Nr 8 – 5,40 m
- OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje – 5,60 m
- EM 1986 i Stuttgart: Nr 13 (5,50 m i kvalifiseringa)
- VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 5,80 m, bakom Serhij Bubka (5,85 m)
- OL 1988 i Seoul: Nr 5 – 5,70 m
- EM 1990 i Split: Nr 11 (5,30 m i kvalifiseringa)
- VM 1991 i Tokyo: Nr 8 – 5,60 m
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thierry Vigneron» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2022.