This Wheel's on Fire
This Wheel's on Fire Song av Bob Dylan & The Band frå albumet The Basement Tapes | ||
Språk | engelsk | |
Innspelt | 1967 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:49 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan, Rick Danko | |
---|---|---|
Produsent | Bob Dylan & The Band |
This Wheel's on Fire Singel av Julie Driscoll med Brian Auger and The Trinity | ||
B-side |
«A Kind of Love In» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Innspelt | 1968 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 3:31 | |
Selskap | Marmalade Records 598006 (UK) | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan, Rick Danko |
This Wheel's on Fire Song av The Byrds frå albumet Dr. Byrds & Mr. Hyde | ||
Språk | engelsk | |
Innspelt | 4. desember 1968, Columbia Studios, Hollywood, CA | |
Sjanger | Rock, psykedelisk rock | |
Lengd | 4:44 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan, Rick Danko | |
---|---|---|
Produsent | Bob Johnston |
This Wheel's on Fire Singel av Siouxsie and the Banshees frå albumet Through the Looking Glass | ||
B-side |
«Shooting Sun», «Sleepwalking (On the High Wire)», «She Cracked» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Innspelt | 1986 | |
Sjanger | Alternativ rock | |
Lengd | 5:43 | |
Selskap | Polydor | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan, Rick Danko | |
Produsent | Siouxsie and the Banshees Mike Hedges | |
Siouxsie and the Banshees-kronologi | ||
«Candyman» (1986) |
This Wheel's on Fire | «The Passenger» (1987)
|
«This Wheel's on Fire» er ein song skriven av Bob Dylan og Rick Danko.[1] Han vart opphavleg spelt inn av Dylan og The Band under dei legendariske innspelingane deira i 1967, som seinare kom ut på The Basement Tapes i 1975.[2] The Band si utgåve av songen kom ut først på Music From Big Pink i 1968.[3]
I 1968 vart ei utgåve av Julie Driscoll med Brian Auger and The Trinity ein hit i Storbritannia og nådde 5. plassen på singellista der.[4] Med bruk av forvrenging, bilete av songtittelen og gruppa i fargesprakande klede vert denne versjonen tett knytt til psykedeliaen i britisk musikk. Driscoll spelte inn songen på ny tidleg i 1990-åra med Adrian Edmondson som tema for komiserien på BBC, Absolutely Fabulous, der hovudkarakterane vert kasta tilbake til denne tida.
The Byrds spelte inn ei utgåva av «This Wheel's on Fire» for albumet Dr. Byrds & Mr. Hyde i 1969, og ei konsertutgåve finst på Live at the Fillmore - February 1969 og den utvida utgåva av (Untitled).[5][6][7] I 1987 vart songen spelt av det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees for coveralbumet deira Through the Looking Glass. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde 14. plass på den britiske singellista.[8]
Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Hamilton Camp, Phil Lesh, Golden Earring, The Hollies, Ian and Sylvia, Les Fradkin, Leslie West, Serena Ryder og Guster.
Medverkande på The Band-utgåva
endre- Rick Danko - Solovokal, bassgitar
- Levon Helm - Trommer, korvokal
- Garth Hudson - Clavinet, Lowrey orgel
- Richard Manuel - Piano, korvokal
- Robbie Robertson - Elektrisk gitar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «This Wheel's on Fire» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Williams, Paul. (1990). Bob Dylan: Performing Artist - Book One 1960 - 1973. Xanadu Publications Ltd. s. 232–233. ISBN 1-85480-044-2.
- ↑ «The Basement Tapes review». Allmusic. Henta 23. januar 2011.
- ↑ «Music From Big Pink review review». Allmusic. Henta 22. januar 2011.
- ↑ Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 261. ISBN 0-7119-7670-8.
- ↑ Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 546–547. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ «Live At The Fillmore - February 1969 review». Allmusic. Henta 23. januar 2011.
- ↑ «Untitled/Unissued review». Allmusic. Henta 23. januar 2011.
- ↑ Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 809. ISBN 0-7119-7670-8.