Dr. Byrds & Mr. Hyde

Dr. Byrds & Mr. Hyde
Studioalbum av The Byrds
Språk engelsk
Utgjeve 5. mars 1969
Innspelt 7. til 16. oktober og 4. desember 1968 i Columbia Studios i Hollywood, CA
21. oktober 1968, Columbia Studios, Nashville
Sjanger Rock, countryrock, folkrock, psykedelisk rock
Lengd 34:25
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston
The Byrds-kronologi 
Sweetheart of the Rodeo
(1968)
Dr. Byrds & Mr. Hyde Preflyte
(1969)


Singlar frå Dr. Byrds & Mr. Hyde
  1. «Bad Night at the Whiskey»
    Utgjeve: 7. januar 1969

Dr. Byrds & Mr. Hyde er det sjuande albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og det kom ut i mars 1969 på Columbia Records.[1][2] Bandet blanda her enkel countryrock med hardare psykedelia, noko som gjev albumet den stilmessige todelinga som tittelen tilseier.[2][3] Albumet var det første med den nye besetninga Clarence White (gitar), Gene Parsons (trommer), John York (bass) og originalt bandmedlem Roger McGuinn (gitar).[2] Dr. Byrds & Mr. Hyde er unik i diskografien til The Byrds som det einaste albumet der McGuinn syng solovokal på alle songane.[4]

Albumet nådde berre 153. plassen på Billboard Top LPs-lista i USA, men 15. plassen på UK Albums Chart i Storbritannia.[5][6] Singelen «Bad Night at the Whiskey» kom ut før albumet den 7. januar 1969, men selde dårleg og gjekk inn på listene noko stad.[7] Ein singel som kom ut like etter Dr. Byrds & Mr. Hyde og som ikkje er med på dette albumet, ein coverversjon av Bob Dylan sin «Lay Lady Lay», nådde 132. plassen på Billboard-lista i USA.[8][9] Dr. Byrds & Mr. Hyde oppnådde den lågaste plasseringa på albumlista i USA av alle albuma til bandet.[10]

Bakgrunn endre

Etter Gram Parsons slutta i bandet, fann sologitaristen Roger McGuinn og bassisten Chris Hillman ut at dei måtte finne ein erstattar for dei komande konsertane sine.[11][12] Ein konsert på Newport Pop Festival var like om hjørnet og McGuinn og Hillman handla raskt for å hente inn den tidlegare studiogitaristen deira, Clarence White.[12] White, som hadde spelt som studiomusikar på dei tre førre Byrds-albuma, vart invitert med som fulltidsmedlem i juli 1968.[13][14] Etter konserten på Newport Pop Festival, sa White i frå om at han var misnøgd med trommeslagaren i bandet, Kevin Kelley, og overtydde etter kort tid McGuinn og Hillman om å erstatte Kelley med Gene Parsons (ikkje slektskap med Gram), ein ven av White frå tida då dei spelte i lag i bandet Nashville West.[12][15][16]

Den nye besetninga med McGuinn, Hillman, White og Parsons - var i lag i mindre enn ein månad før Hillman slutta for å skipe The Flying Burrito Brothers med Gram Parsons.[15][16] John York, ein studiommusikar som hadde turnert med Johnny Rivers og The Mamas & the Papas, vart leigd inn som erstattaren hans på bass.[10] Den nye besetninga med McGuinn og White på gitar, vart av kritikarar og publikum rekna som mykje flinkare på konsertane deira enn dei tidlegare variantane av The Byrds hadde vore.[17]

Med så mange endringar i bandet, valde McGuinn å syngje solovokal aleine på det nye albumet deira, for at det lydmessig ikkje skulle vere så mange endringar. McGuinn meinte at det kom til å bli for forvirrande for fansen om fleire ukjende stemmer kom fram så tidleg, så White, Parsons og York fekk berre syngje korvokal under innspelinga av albumet.[4] Dr. Byrds & Mr. Hyde er derfor det einaste albumet i Byrds-katalogen, der McGuinn syng solo på alle songane.[4]

Før innspelinga av albumet hadde produsenten Gary Usher, som hadde arbeidd med bandet på dei tre førre albuma, fått sparken av Columbia Records for å ha brukt for mykje pengar på innspelinga av Chad & Jeremy-albumet Of Cabbages and Kings.[4] Bandet måtte derfor velje ein ny produsent og valet fall på Bob Johnston, som hadde vore produsenten til Bob Dylan sidan 1965.[4][18] Til slutt var ikkje bandet nøgd med arbeidet til Johnston på Dr. Byrds & Mr. Hyde og det vart derfor det einaste albumet deira som vart produsert av han.[3] Johnston produserte derimot singelen «Lay Lady Lady» i mai 1969, som ikkje var med på noko album.[19] Då gjorde han bandet sint ved å overdubbe kvinneleg korsong oppå innspelinga utan løyve frå The Byrds.[19] Då singelen stoppa opp på 132. plassen på Billboard-lista, fann bandet ut at dei ikkje skulle arbeide med Johnston igjen.[9][19]

Innspeling endre

Studioinnspelinga for albumet byrja 7. oktober 1968 og ni songar meint for albumet vart spelte inn den månaden.[20] Blant desse songane var «Nashville West», ein instrumental skriven av Parsons og White i tida dei spelte i countryrockgruppa med same namn, og «Your Gentle Way of Loving Me», ein song Parsons og Gib Guilbeau tidlegare hadde gjeve ut på singel i 1967.[21][22]

Ein annan song under desse innspelingane var McGuinn sin «King Apathy III» om politisk apati og fordelane med landleg idyll som ein motsats til det utsvevande livet i rockemiljøet i Los Angeles.[8][21] Under oktober-innspelingane vart det òg gjort eit forsøk på den tradisjonelle songen «Old Blue»,[23] som McGuinn opphavleg hadde lært seg ved å sjå på Bob Gibson og Bob Camp i klubben Gate of Horn i Chicago attende i april 1961.[16] «Old Blue» er den første av tre songar om hundar som The Byrds spelte inn: Den andre og tredje var «Fido» frå Ballad of Easy Rider og «Bugler» frå Farther Along.[24][25] «Old Blue» var første gongen Byrds nytta ein StringBender designa av Parsons og White slik at White kunne etterlikne lyden av ein pedalsteelgitar på hans Fender Telecaster.[4]

Dei spelte inn «Bad Night at the Whiskey», som vart gjeven ut på singel to månader før albumet kom ut.[16][21] Songen var kalla opp etter ein skuffande konsert på Whisky a Go Go og var skriven i lag med Joey Richards, ein ven av McGuinn. «Bad Night at the Whiskey» hadde ein antydande tekst som hadde lite eller ingenting med tittelen å gjere.[4]

The Byrds spelte òg inn ein versjon av Dylan og Rick Danko sin «This Wheel's on Fire» i oktober 1968, men denne versjonen av songen kom ikkje med på albumet.[20] «Stanley's Song», skriven av McGuinn og venen Robert J. Hippard er òg frå desse innspelingane, men kom til slutt ikkje med på det endelege albumet.[21]

Ein annan song som vart spelt inn i oktober 1968 var McGuinn- og Gram Parsons sin «Drug Store Truck Drivin' Man».[4][16] Songen vart skriven av paret i London i mai 1968, før Parsons slutta i bandet, og var inspirert av den frekke mottakinga dei hadde fått då dei vitja radioprogrammet til den legendariske radioverten Ralph Emery i Nashville.[4][8] Den bitande teksten omtalar ei rekkje stereotypiske redneck-personar, med ein klassisk, countryaktig 3/4-takt. Teksten byrjar med «He's a drug store truck drivin' man/He's the head of the Ku Klux Klan[26][27] Emery var ikkje medlem av klanen.[4] Songen vart sidan framført av Joan BaezWoodstockfestivalen i 1969 og dedisert til den dåverande guvernøren i California, Ronald Reagan.[8] Baez sin versjon av songen finst på albumet Woodstock: Music from the Original Soundtrack and More.[28]

Ein acetatversjon av Dr. Byrds & Mr. Hyde med sju spor skal eksistere, datert 16. oktober 1968.[29] På det tidspunktet bestod av albumet av songane «Old Blue», «King Apathy III», «Drug Store Truck Drivin' Man» og «This Wheel's on Fire» på side ein, med «Your Gentle Way of Loving Me», «Nashville West» og «Bad Night at the Whiskey» på side to.[29]

The Byrds vendte attende til studio 4. desember 1968, for å spele inn «This Wheel's on Fire» på ny.[16] The Byrds spelte òg inn to songar som var skriven for filmen Candy i 1968.[16] Av desse to songane vart «Child of the Universe», skriven av McGuinn og filmmusikkomponisten Dave Grusin, nytta i filmen,[30] medan songen skriven av McGuinn og York ikkje vart nytta.[8] Ein medley av Dylan-songen «My Back Pages» i lag med ein instrumental kalla «B.J. Blues» og ein jamversjon av bluesstandarden «Baby What You Want Me to Do» vart òg spelt inn i desember.[20]

Utgjeving og mottaking endre

Dr. Byrds & Mr. Hyde kom ut 5. mars 1969 i USA og 25. april 1969 i Storbritannia.[1] Som det førre Byrds-albumet Sweetheart of the Rodeo, vart dette albumet berre gjeve ut i stereo i Amerika, men kom i både mono og stereo i Storbritannia.[1] Dr. Byrds & Mr. Hyde selde dårleg i USA og det nådde berre 153. plassen på Billboard Top LPs-lista, den lågaste plasseringa deira i heile karrieren, ein plass lågare enn det seinare albumet Farther Along.[3][10] Albumet gjorde det langt betre i Storbritannia der det nådde 15. plassen på UK Albums Chart.[6] «Bad Night at the Whiskey» vart gjeven ut på singel 7. januar 1969, men nådde verken Billboard Hot 100 eller UK Singles Chart.[7]

Den schizofrene karakteren til musikken og albumtittelen går att i fotosekvensen på baksida av omslaget, der bandet byter frå astronautdrakter til cowboyutstyr.[10] Den psykedeliske rocken på «Bad Night at the Whiskey» og «This Wheel's on Fire» står side om side med den Bakersfield-aktig countryrocken på «Nashville West» og «Drug Store Truck Drivin' Man».[4] Trass i at albumet berre har ti songar, er Dr. Byrds & Mr. Hyde det lengste enkeltalbumet til The Byrds, med ei lengd på omkring 35 minuttar. Berre dobbeltalbumet (Untitled) er lenger.

Albumet fekk stort sett positive meldingar då det kom ut og den kjende kritikaren Robert Christgau meinte albumet var «førsteklasses Byrds, kan absolutt tilrådast.»[10][31] Johanna Schrier i The Village Voice skildra albumet som «glatt og like sterkt som ein blanda whisky», og meinte vidare at det var «dels i slekt med Sweetheart of the Rodeo, dels ein syreaktig avkom av Notorious Byrd Brothers[3] I Storbritannia gav Record Mirror albumet fire av fem stjerner og sa «britiske fans vil like dette meir enn Sweetheart[32] Disc var særleg entusiastisk og sa «Dette er det beste albumet deira sidan kanskje Younger Than Yesterday, og illustrerer perfekt dei to heilt forskjellige sidene av gruppa: den ekstreme elektroniske rocken og den landsens, twangy countrymusikken.»[32]

I nyare tid skrive Mark Deming på Allmusic at albumet «synte at det framleis var liv att i The Byrds, men indikerte òg at dei ikkje var attende i toppfart enno.»[2] David Fricke i Rolling Stone har skildra albumet som «det store gløymde Byrds-albumet», men skreiv òg at «det verka tamt i måten det var avhengig av det kjende.»[10]

Innhald endre

Side ein endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«This Wheel's on Fire»Bob Dylan, Rick Danko4:44
2.«Old Blue»trad.arr. Roger McGuinn3:21
3.«Your Gentle Way of Loving Me»Gib Guilbeau, Gary Paxton2:35
4.«Child of the Universe»Dave Grusin, Roger McGuinn3:15
5.«Nashville West»Gene Parsons, Clarence White2:29

Side to endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Drug Store Truck Drivin' Man»Roger McGuinn, Gram Parsons3:53
2.«King Apathy III»Roger McGuinn3:00
3.«Candy»Roger McGuinn, John York3:01
4.«Bad Night at the Whiskey»Roger McGuinn, Joseph Richards3:23
5.«Medley: My Back Pages/B.J. Blues/Baby What You Want Me to Do»Bob Dylan, Roger McGuinn, John York, Gene Parsons, Clarence White, Jimmy Reed4:08

Bonusspor på 1997-utgåva endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Stanley’s Song»Roger McGuinn, Robert J. Hippard3:12
12.«Lay Lady Lay» (altenativ versjon)Bob Dylan3:18
13.«This Wheel's on Fire» (alternativ - versjon ein)Bob Dylan, Rick Danko3:53
14.«Medley: My Back Pages/B.J. Blues/Baby What You Want Me To Do» (alternativ - versjon ein)Bob Dylan, Roger McGuinn, John York, Gene Parsons, Clarence White, Jimmy Reed4:18
15.«Nashville West» (alternativ versjon — Nashville-innspeling)Gene Parsons, Clarence White2:04

Medverkande endre

Henta frå The Byrds: Timeless Flight Revisited og So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973).[16][20]

The Byrds

Andre medverkande

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 544–547. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Dr. Byrds & Mr. Hyde review». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 206–207. ISBN 1-90600-215-0. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 280–285. ISBN 0-95295-401-X. 
  5. Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 121. ISBN 0-89820-147-0. 
  6. 6,0 6,1 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  7. 7,0 7,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 201. ISBN 1-90600-215-0. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 «Dr. Byrds & Mr. Hyde». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 18. oktober 2010. 
  9. 9,0 9,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 210. ISBN 1-90600-215-0. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 Fricke, David. (1997). Dr. Byrds & Mr. Hyde (1997 CD liner notes). 
  11. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 178–179. ISBN 1-906002-15-0. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 266–268. ISBN 0-9529540-1-X. 
  13. Fricke, David. (1997). Sweetheart of the Rodeo (1997 CD liner notes). 
  14. «Clarence White: With the Byrds and After, 1968-1973». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 13. april 2009. Henta 29. desember 2018. 
  15. 15,0 15,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 276–278. ISBN 0-9529540-1-X. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 16,6 16,7 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 189–196. ISBN 1-906002-15-0. 
  17. «Byrds: The Biography». Musikarguide.com. Henta 29. desember 2018. 
  18. «Bob Johnston Biography». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  19. 19,0 19,1 19,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 289. ISBN 0-9529540-1-X. 
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 626. ISBN 0-9529540-1-X. 
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Rogan, Johnny. (1997). Dr. Byrds & Mr. Hyde (1997 CD liner notes). 
  22. «Gene Parsons related records». Byrds Flyght. Arkivert frå originalen 8. juni 2017. Henta 29. desember 2018. 
  23. Gilliland, John (1969). «Show 9 - Tennessee Firebird: American country music before and after Elvis. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  24. Rogan, Johnny. (2000). Farther Along (2000 CD liner notes). 
  25. «Reviews of Byrds and Other Albums». Jonathan and David's Byrds Page. Arkivert frå originalen 8. juli 2008. Henta 29. desember 2018. 
  26. Fricke, David. (2003). Sweetheart of the Rodeo: Legacy Edition (2003 CD liner notes). 
  27. «Drug Store Truck Drivin' Man lyrics». The Byrds Lyrics Page. Henta 29. desember 2018. 
  28. «Woodstock album review». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  29. 29,0 29,1 «Byrds Promo Records». Byrds Flyght. Arkivert frå originalen 11. februar 2021. Henta 29. desember 2018. 
  30. Johnny Rogan The Byrds: Timeless Flight Revisited : the Sequel 1997 - Page 283 «'Child Of The Universe'
  31. «The Byrds Have Flown - But Not Far». Robert Christgau: Dean of American Rock Critics. Henta 29. desember 2018. 
  32. 32,0 32,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 209. ISBN 1-906002-15-0.