Thisted kommune

dansk kommune i Region Nordjylland

56°57′35.827″N 8°42′14.105″E / 56.95995194°N 8.70391806°E / 56.95995194; 8.70391806

Thisted kommunes plassering i Danmark.
Hamna i Hanstholm i Thisted kommune.

Thisted kommune er ein kommune i Thy (på Nørrejyske Ø) i Region Nordjylland i Danmark, skipa i samvar med Kommunalreforma i 2007 ved at dei tidlegare kommunane Hanstholm, Thisted (1970-2006) og Sydthy vart slege saman.[1]

Innbyggjartalet er 44 255 (2013).[2]

Administrasjonssenteret i Thisted kommune er købstaden og hamnebyen Thisted, den største byen i kommunen, som ligg attmed Limfjorden. Fiskeri- og hamnebyen Hanstholm på Nordsjøkysten med 2.276 innbyggjarar (2012) har lenge vore ein viktig hamn for ferjesamband til mellom anna Noreg. Under andre verdskrigen bygde den tyske okkupasjonsmakta tallause bunkerar og tungt kystbatteri i nærleiken av Hanstholm (Verteidigungsbereich Hansted). Desse stod i samband med liknande innretningar i Kristiansand i Noreg, det såkalla Batterie Vara på Møvik fort. Meininga med dette opplegget var å stengje sjøvegen til Aust-Noreg, Kattegat, Austersjøen og Baltikum for allierte sjøstridskrefter.

Referansar endre

  1. Thisted Kommune frå den Store Danske
  2. Danmarks Statistik: FOLK1 (Vitja 25. desember 2013)