For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hagbart Thisted.

Thisted er både namnet på ein kommune i Thy i Region Nordjylland på vestkysten av Jylland i Danmark, rett nord for Limfjorden, og namnet på ein hamneby, kjøbstad, i denne kommunen. Thisted kommune har i dag rundt 45 000 innbyggjarar, og av desse bur 13 138 (2012)[1] i Thisted by, som ligg attmed Limfjorden.

Gågata i Thisted
Thisted Museum har kulturhistoriske utstillingar, skiftande utstillingar og utstillingar om I.P. Jacobsen og Christen Mikkelsen Kold.

Thisted har namn etter den norrøne krigsguden Ty og tyder 'staden vigsla til Ty'.[2]

Dagens Thisted kommune blei oppretta då kommunane Sydthy og Hanstholm blei slått saman med gamle Thisted kommune. Fram til 1. januar 2007 høyrde han til Viborg amt.

Byen Thisted er sentrum i kommunen. Thisted by fekk kjøpstadsstatus rundt år 1500. Han ligg på tre høgdedrag eller byhøje, delt av to vassdrag ned mot Limfjorden. Frå sørvest hever det eine høgdedraget seg med Simons bakke, med bydelane Silstrup, Dragsbæk og Tilsted, som er avgrensa frå sentrum i byen av den vesle elva Tilsted å, «Dragsbækken». På den andre sida av elva hever den dominerande delen av byen seg som ein langstrekt ås frå Torp og Tingstrup i Vestbyen ned mot sentrum av byen og den gamle kjøbstaden ned mot hamna midt i byen. Hamna er dels trafikkhamn for vanleg skipstrafikk, dels hamn for lystbåtar, med tenestefunksjonar, kafear og restaurantar.

Byen er også endestasjon for Thybanen, som går til Struer der han blir knytt til resten av jernbanenettet. Fram til 1969 var det også jernbane austover til Fjerritslev og vidare til Ålborg. Thisted lufthamn er for tida utan rutetrafikk. Fotballklubben Thisted FC spelar i 2. divisjon.

Frå Hanstholm nord i kommunen går det mellom anna ferje til Kristiansand, Egersund, Haugesund og Bergen.

Thisted sin norske venskapsby er Skien.

Kjende folk frå Thisted endre

Bakgrunnsstoff endre

Soga om byen Thisted frå Dansk Center for Byhistorie

Fotnotar endre

  1. Statistikbanken Tabel BEF44
  2. Thisted – Udvalgte stednavnes betydning, NAVNEFORSKNING, Københavns Universitet

Sjå òg endre

Thisted kommune