Thomas Engelhart
Thomas von Westen Engelhart (6. oktober 1850–3. august 1905) var ein norsk statsråd for Venstre, amtmann og statsadvokat.
Thomas Engelhart | |||
| |||
Fødd | 6. oktober 1850 Vinger | ||
---|---|---|---|
Død | 3. august 1905 (54 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, jurist | ||
Alle verv |
|
Engelhart var fødd i Vinger, faren var offiser. Han vart student frå Nissens skole i Christiania i 1866, og avla juridisk embetseksamen i 1871. Deretter var han advokatfullmektig og frå 1873 overrettssakførar på Kongsvinger. Frå 1876 var han høgsterettsadvokat i Vinger, der han også var ordførar mellom 1881 og 1889 og direktør i den lokale sparebanken. I 1889 vart han statsadvokat for Akershus og Kristians (Oppland) lagsokn.
Engelhart representerte Hedemarkens amt på Stortinget i tida 1886-97. Han var 1886-89 medlem av jarnbanekomiteen, 1888-89 som formann. 1889 og 1891 var han president i Odelstinget. I 1890 vart han nekta møte på Stortinget, 56 røyster mot 40, ettersom han hadde søkt statsadvokatembetet. Medlem av konstitusjonskomiteen 1893, formann 1894-96. Medlem av valkomiteen 1893-96 og av undersøkingskomiteen 1894, samt medlem av Lagtinget 1895-96.
Frå mars 1891 til 1892 leia Engelhart Revisjonsdepartementet i Johannes Steen si fyrste regjering, var så medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm til regjeringa gjekk av i 1893. Sidan vart han 1895 utnemnd til sjef for Indredepartementet i den fyrste Francis Hagerup-regjeringa, før han atter vart medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm 1897-98.
Han var amtmann i Bratsberg amt 1898-1902 og i Jarlsberg og Larvik amt frå 1902 til han døydde brått sommaren 1905 medan han var på Feskjær ved Åsgårdstrand.
Engelhart vart i 1892 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1898. Han var også innehavar av fleire utanlandske ordenar, mellom dei den svenske Nordstjerneordenen.
Kjelde
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914