Thorleif Homme (fødd 17. august 1852 i Valle i Setesdalen, død 6. mai 1936)[1] var ein norsk prest, teolog og målmann.

Homme var son av ein husmann. Etter konfirmasjonen arbeidde han mellom anna som sauegjetar og gardsgut, og frå 1871 til 1873 gjekk han på Kviteseid seminar. Ved eksamen fekk han merknaden: «Berettiget til fortrinlige forhåbninger». Våren etter greidd eksamen reiste han til Sambandsstatane og vart innrullert ved Luther College i Decorah same hausten. Han vart verande der fram til 1878, då han tok eksamen. Same året tok han til ved presteskulen åt Den Norske Synode. Etter tri år der fekk han vitnemål på at han kunne taka imot prestekall.[2]

I åra etterpå arbeidde han som huslærar hjå norske prestar i Sambandsstatane, var lærar på ein amerikansk ungdomsskule i eitt år og studerte eitt år ved University of Wisconsin–Madison. Sumaren 1887 vende han attende til Noreg for å studera ved Universitetet i Oslo, og tok teologisk og praktisk eksamen i høvesvis 1890 og 1891. I åra fram til 1908 var han så styrar ved amtsskulen i Herefoss, før han i oktober 1908 flytta til Røldal, der han hadde vorte utnemnd til sokneprest.[3]

Homme var den fyrste presten som preika på landsmål i Røldal stavkyrkje, og vart tilmed vald til fyrste formann då Røldal mållag vart skipa. Dette skapte mykje strid og usemje i bygda. Meiningsmotstandarane hans hevda at han frå preikestolen skal ha sagt at «djevelen brukte rigsmaalet for at hindre at kristendommen skulde komme inn i hjertene». Sjølv meinte Homme at det fyrst og fremst var eldre og barnlause folk i bygda som motarbeidde han og landsmålet.[4] Homme laut tola mange åtak frå riksmålsfolk i denne tida; frå Oslo kom skuleinspektør Johan M. Platou og Alfred Eriksen for å tala til fordel for riksmålet. På hi sida fekk Homme støtte hjå ungdomar, midaldra folk og mange av lærarane i Røldal.[5]

Homme verka i Røldal fram til 1913, då han bygde seg hus i Hornnes i Setesdalen og tok avskil som prest «fordi han avvek fra kirkens lære».[1] Homme var ein aktiv skribent i aviser og tidsskrift, og skreiv fleire bøker. Han døydde av slag i 1936 og vart gravlagd ved Hornnes kyrkje.[6]

Kjelder endre

  • Dalen, A. & Dalen, K. (1960). Røldal bygdebok. Røldal: Røldal kommune.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Thorleif Homme i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. desember 2020.
  2. Dalen, A. & Dalen, K. (1960), s. 118-19
  3. Dalen, A. & Dalen, K. (1960), s. 119
  4. Søberg, M. (2020, 27. november). Ord mot ord. Dag og Tid, s. 22.
  5. Dalen, A. & Dalen, K. (1960), s. 119-20
  6. Dalen, A. & Dalen, K. (1960), s. 120

Bakgrunnsstoff endre