Thorstein Fretheim den yngre
Thorstein Fretheim (26. februar 1867–9. februar 1927) var ein norsk prest, skulemann og Venstre-politikar. Han var stortingsrepresentant for Akershus frå 1913 til 1918.
Thorstein Fretheim den yngre | |
![]() | |
Fødd | 26. februar 1867 Ådal |
---|---|
Død | 9. februar 1927 (59 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar, prest |
Ektefelle | Helga Fretheim |
Fretheim var fødd i Ådal i Buskerud, der far hans var lærar, men voks for ein del opp på Eidsvoll. Han vart student i 1887 og cand. theol. i 1893, tok den praktisk-teologiske eksamen i 1895. Året etter tok han eksamen i samisk. Tida 1893-97 underviste han på ulike skular. I 1897 reiste han til Wisconsin i USA for å arbeide som prest ved norske evangelisk-lutherske kyrkjelydar. Frå 1901 var han tilbake i Noreg, og virka som kallskapellan i Vanse fram til 1903. Dei nest fem åra var han hjelpeprest i Østerdalens fjelldistrikt, residerande kapellan i Nes i Akershus frå 1909. Seinare var han sokneprest i Idd, Halden og Kråkstad.
Fretheim sat to periodar på Stortinget. Han var medlem i kyrkjekomiteen både i 1913-15 og 1916-18, den siste perioden også som komitéleiar. Fretheim var også involvert i lokalpolitikken i både Vanse, Rendalen, Nes i Akershus og Idd. Han var anten medlem av heradsstyret eller skulestyret. Elles var han formann i ei rekke foreiningar.
Kreftsjuk døydde Fretheim i 1927 i Kråkstad.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
BakgrunnsstoffEndra
- Biografisk informasjon om Thorstein Fretheim den yngre NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv