Thorvald Olsen
Thorvald Olsen (29. februar 1820–28. november 1882) var ein norsk jurist og embetsmann frå Bergen, stortingsmann 1851 og 1877-79. Andreas Olsen var far hans og Rolf Olsen ein eldre bror.
Thorvald Olsen | |||
Fødd | 29. februar 1820 | ||
---|---|---|---|
Død | 28. november 1882 (62 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Andreas Olsen | ||
Alle verv |
|
Thorvald Olsen vart student frå Skien skule i 1838 og var ferdig utdanna cand.jur. i 1843. Der etter var han fullmektig hos byfuten i Larvik i fire år og sidan på Bratsberg amtskontor i Porsgrunn i seks år. Frå 1853 til 1873 var han underrettssakførar i Larvik. I 1873 fekk han stillinga som sorenskrivar og byfut i Flekkefjord. Frå 1880 var han sorenskrivar i Nes i Akershus, døydde på sorenskrivargarden i Ullensaker allereie to år etter han kom dit.
Olsen var Porsgrunn by sin representant på Stortinget i 1851 og kjøpstaden Flekkefjord sin representant perioden 1877-79. I 1851 var han sekretær i Lagtinget og medlem i Justiskomite nr 1 og i Lovkomiteen, medan han 1877-79 var medlem i Lagtinget og i Budsjettkomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914