Tidebøn

(Omdirigert frå Tidebønnene)

Tidebøn er ei bøn som vert beden til faste tider i løpet av dagen. I kristen liturgi er tidebøn ei av to hovudformer for gudsteneste.

Benediktinarmunkar ber vesperpåskeaftan.

Tidebøner i katolsk tradisjon endre

Tidebøn, (officium divinum) er i Den katolske kyrkja den offisielle bøna utanom nattverden. Tidebønene har ein fast liturgi, sett saman av bibelske salmar frå Det gamle og Det nye testamentet, lesingar frå Bibelen og bøner.[1]

Det er i tradisjonen sju tidebøner: laudes (morgon, ottesong), prim, ters, sext (den sjette time, dvs klokka tolv), non (den niande time, dvs kl 15), vesper (når mørkret bryt fram) og kompletorium (ved leggjetid]]. I tillegg kjem matutin (eigentleg nattebøn). Talet på tidebøner er sett i samanheng med Salme 119 vers 164: «Sju gonger om dagen prisar eg deg»[2] og 62 «Midt på natta står eg opp og prisar deg».[3]

Eit breviarium, eller ei tidebønebok, inneheldt tidebønene for søndagar, vekedagar og kyrkjehøgtider gjennom året. I mellomalderen vart kyrkjene pålagde å ha slike handbøker for å sikre at feiringa gjekk rett for seg.[4]

I moderne tradisjon har prim falle bort, og matutin kan ein be når som helst i løpet av døgeret. Morgonbøna laudes og kveldsbøna vesper er rekna som dei to krumtappane blant tidebønene.[5]

Tidebøner i luthersk tradisjon endre

Det eldste innhaldet i tidebøna er skriftlesing og bøn, men tidleg fekk lesing frå Salmane i Det gamle testamentet ein viktig plass i gudstenesta. Som messene utvikla òg tidebønsgudstenestene ein fast struktur, sannsynlegvis med røter i jødiske bøner til bestemte tider på dagen. Tidebønene vart utvikla vidare i klostra. Etter reformasjonen heldt ein først og fremst på morgonbøna og kveldsbøna, då som gudsteneste i byane, og som husandakt i heimen.

I Gudstenestebok for Den norske kyrkja er det tre tidebøner: Morgonsong (laudes), Aftansong (Vesper) og Kveldbøn (kompletorium). [6]

Ein treng ikkje nokon fast liturgi for at bøner skal bli rekna som tidebøner, men dersom tidebønene vert bedne i fellesskap, er det vanleg å lage ein liturgi som bruker bøner henta frå Bibelen.[7]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. www.katolsk.no
  2. Sal. 119,164
  3. Sal. 119,62
  4. Åslaug Ommundsen: Tidebøner via data (PDF) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 19. juli 2011, henta 17. juni 2008 
  5. www.katolsk.no
  6. Liturgisk senter
  7. Skrifthuset, konfirmantmateriell (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 8. november 2005, henta 17. juni 2008