Tinamufamilien
Tinamuar utgjer familien Tinamidae, 47 fugleartar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Dei er av dei eldste nolevande fuglegrupper, nærast i slekt med strutseliknande fuglar i overorden Paleognathae. Tinamuar lever på bakken og finst i ei rekkje habitat.
Tinamufamilien | |
Stortinamu (Tinamus major) | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av tinamufamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Tinamiformes |
Underorden: | Theropodar Theropoda |
Infraorden: | Tetanurae |
Familie: | Tinamufamilien Tinamidae G. R. Gray, 1840 |
Sjølv om tinamuar liknar andre fuglar som lever nær eller på bakken som vaktlar og ryper, er ikkje dette slektningar. Tinamuar er plassert i sin eigen orden Tinamiformes. Namnet ’tinamu’ kjem frå det karibiske språket galibi.
Skildring
endreDette er slanke og kompakte fuglar, med eit lite hovud og kort tynt, nedkurva nebb. Den minste arten er pygmétinamu, han veg ca. 43 gram og er 20 cm lang.[1] Den største er taotinamu, veg 2,3 kg og måler opp til 53 cm. Dei har svært små venger, men i motsetnad til strutsefuglar, har tinamuar flygeevne, om enn dårleg. Dei har tre framvende tær, men baktåa finst høgare på foten og er anten redusert eller heilt borte. Halen er kort og ofte skjult bak dekkfjørene, og nokre tinamuartar har fjørtopp. I motsetning til strutsefuglar har dei gumpkjertel. Fjørdrakta skil ikkje mellom kjønna, med unntak av at hoer hos somme artar har lysare drakt.[1]
Utbreiing og habitat
endreDet finst ein innført art på Påskeøya,[2] elles er artane spreidd i Sør-Amerika og nordover til Mexico, men ikkje særleg nord for den nordlege vendekretsen. Fuglane førekjem i et breitt spekter av habitat. Slektene Tinamus, Nothocercus og Cryptuerellus lever i tett skog, medan dei fleste av dei andre artane lever på grasland, punagrasland, savannar og i alpint land i stor høgd.[1]
Åtferd
endreDet er sjeldan å sjå tinamuar, men ein høyrer dei ofte innanfor område sitt. Dei føretrekkjer å gå eller å springe, og i farlege situasjonar kan dei flyge. Men dei vil først ta til vengene når alle andre teknikkar for å sleppe unna er prøvd, så som å skjule seg i hòl i bakken. I flukt vekslar dei mellom raske kraftige vengeslag og lang glideflukt.[1] Sjølv om mange artar er ganske vanlege er dei skye og løynlege. Et lite tal av artar lever på meir opne grassletter, men sjølv desse er forsiktige.[3] Tinamuar har ei rekkje ulike kall eller lydsignal.[1]
Føde
endreTinamuar et i hovudsak små frukt og frø frå bakken eller plukkar det frå plantar som er nær bakken. Dei kan hoppe 10 cm for å nå opp til maten. Dei vil òg ete knoppar, blomar, mjuke blad og røter, og dessutan insekt og larvene deira, ormar og blautdyr. Smådyr blir ete heile, medan større dyr blir slått mot bakken eller hakket. Når dei søkjer i blad på bakken, brukar dei nebba, og ikkje føtene sine, og kan til og med bruke nebbet til å sile gjennom jord ned til 2–3 cm i djupne[1][3]
Reproduksjon og vernestatus
endreTinamuar legg fleire egg i reir på bakken mellom gras og blad, og hannen vil ruge egga. Han forlèt reiret for å søke føde og kan vere borte i periodar på frå 45 minutt til 5 timar. Til vanleg vil dei ikkje dekkje til egga når dei forlèt reiret, sjølv om egga ikkje har kamuflasjefarge. Hos dei fleste artane er hannane polygame og hoene er polyandriske.[3] Egga har tiltrekkjande farge, er einsfarga og har ein hard glans som porselen. Ungane er godt utvikla ved klekking, og kan gå kort etter klekking. Vitskapsfolk trur dei er sjølvstendige innan 20 dagar.[1][3]
IUCN har klassifisert 7 av dei 47 tinamuartane som sårbare, i tillegg er 7 nær trua.[4] Hovudgrunnene til status sårbar eller nær trua for desse artane er oppstykking av habitat og inngrep frå menneske.[1] Menneske jaktar på tinamuar utan at det har særleg innverknad på populasjonen.[1]
Artslista
endreTinamuar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
Slekt Nothocercus
- Brunbrysttinamu, Nothocercus julius, Tawny-breasted Tinamou, Bonaparte, 1854, (LC)
- Bambustinamu, Nothocercus bonapartei, Highland Tinamou, Gray, 1867, (LC)
- Blyhettetinamu, Nothocercus nigrocapillus, Hooded Tinamou, Gray, 1867, (VU)
Slekt Tinamus
- Taotinamu, Tinamus tao, Gray Tinamou, Temminck, 1815, (VU)
- Eremittinamu, Tinamus solitarius, Solitary Tinamou, Vieillot, 1819, (NT)
- Svarttinamu, Tinamus osgoodi, Black Tinamou, Conover, 1949, (VU)
- Stortinamu, Tinamus major, Great Tinamou, Gmelin, 1789, (NT)
- Perletinamu, Tinamus guttatus, White-throated Tinamou, Pelzeln, 1863, (NT)
Slekt Crypturellus
- Gråtinamu, Crypturellus cinereus, Cinereous Tinamou, Gmelin, 1789, (LC)
- Sottinamu, Crypturellus berlepschi, Berlepsch's Tinamou, Rothschild, 1897, (LC)
- Småtinamu, Crypturellus soui, Little Tinamou, Hermann, 1783, (LC)
- Tepuitinamu, Crypturellus ptaritepui, Tepui Tinamou, Zimmer, JT & Phelps, 1945, (LC)
- Bruntinamu, Crypturellus obsoletus, Brown Tinamou, Temminck, 1815, (LC)
- Amazontinamu, Crypturellus undulatus, Undulated Tinamou, Temminck, 1815, (LC)
- Kvitbryntinamu, Crypturellus transfasciatus, Pale-browed Tinamou, Sclater, PL & Salvin, 1878, (NT)
- Brasiltinamu, Crypturellus strigulosus, Brazilian Tinamou, Temminck, 1815, (LC)
- Gråbeintinamu, Crypturellus duidae, Gray-legged Tinamou, Zimmer, 1938, (NT)
- Raudbeintinamu, Crypturellus erythropus, Red-legged Tinamou, Pelzeln, 1863, (LC)
- Gulbeintinamu, Crypturellus noctivagus, Yellow-legged Tinamou, zu Wied-Neuwied, 1820, (NT)
- Svarthettetinamu, Crypturellus atrocapillus, Black-capped Tinamou, Tschudi, 1844, (NT)
- Gråbrysttinamu, Crypturellus boucardi, Slaty-breasted Tinamou, Sclater, 1860, (LC)
- Panamatinamu, Crypturellus kerriae, Choco Tinamou, Chapman, 1915, (VU)
- Rusthalstinamu, Crypturellus variegatus, Variegated Tinamou, Gmelin, 1789, (LC)
- Krattinamu, Crypturellus cinnamomeus, Thicket Tinamou, Lesson, 1842, (LC)
- Jungeltinamu, Crypturellus brevirostris, Rusty Tinamou, Pelzeln, 1863, (LC)
- Skogtinamu, Crypturellus bartletti, Bartlett's Tinamou, Sclater, PL & Salvin, 1873, (LC)
- Kortnebbtinamu, Crypturellus parvirostris, Small-billed Tinamou, Wagler, 1827, (LC)
- Stripetinamu, Crypturellus casiquiare, Barred Tinamou, Chapman, 1929, (LC)
- Tataupatinamu, Crypturellus tataupa, Tataupa Tinamou, Temminck, 1815, (LC)
Slekt Rhynchotus
- Raudvengtinamu, Rhynchotus rufescens, Red-winged Tinamou, Temminck, 1815, (LC)
- Flekkhalstinamu, Rhynchotus maculicollis, Huayco Tinamou, Gray, 1867, (LC)
Slekt Nothoprocta
- Perutinamu, Nothoprocta taczanowskii, Taczanowski's Tinamou, Sclater, PL & Salvin, 1875, (VU)
- Fjelltinamu, Nothoprocta ornata, Ornate Tinamou, Gray, 1867, (LC)
- Chiletinamu, Nothoprocta perdicaria, Chilean Tinamou, Kittlitz, 1830, (LC)
- Busktinamu, Nothoprocta cinerascens, Brushland Tinamou, Burmeister, 1860, (LC)
- Andestinamu, Nothoprocta pentlandii, Andean Tinamou, Gray, 1867, (LC)
- Krumnebbtinamu, Nothoprocta curvirostris, Curve-billed Tinamou, Sclater, PL & Salvin, 1873, (LC)
Slekt Nothura
- Kvitaugetinamu, Nothura boraquira, White-bellied Nothura, von Spix, 1825, (LC)
- Dvergtinamu, Nothura minor, Lesser Nothura, von Spix, 1825, (VU)
- Darwintinamu, Nothura darwinii, Darwin's Nothura, Gray, 1867, (LC)
- Flekktinamu, Nothura maculosa, Spotted Nothura, Temminck, 1815, (LC)
- Chacotinamu, Nothura chacoensis, Chaco Nothura, Conover, 1937, (LC)
Slekt Taoniscus
- Pygmétinamu, Taoniscus nanus, Dwarf Tinamou, Temminck, 1815, (VU)
Slekt Eudromia
- Sørtopptinamu, Eudromia elegans, Elegant Crested-Tinamou, Geoffroy Saint-Hilaire, I, 1832, (LC)
- Nordtopptinamu, Eudromia formosa, Quebracho Crested-Tinamou, Lillo, 1905, (LC)
Slekt Tinamotis
- Punatinamu, Tinamotis pentlandii, Puna Tinamou, Vigors, 1837, (LC)
- Patagoniatinamu, Tinamotis ingoufi, Patagonian Tinamou, Oustalet, 1890, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «engartikkel» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2011, han gav følgjande referansar:
- Davies, S.J.J.F. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 48. ISBN 1-85391-186-0.
- Davies, S.J.J.F. (2003). «Tinamous». I Hutchins, Michael. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 57–59. ISBN 0 7876 5784 0.
- Jaramillo, A.; Johnson, M.T.J.; Rothfels, C.R.; Johnson, R.A. (2008). «The native and exotic avifauna of Easter Island: then and now» (PDF). Boletin Chileno de Ornitologia 14: 8–21. Arkivert frå originalen (PDF) 18. juli 2011. Henta 18. februar 2010.
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Davies, S. J. J. F. (2003)
- ↑ Jaramillo, A. (2008)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Davies, S.J.J.F. (1991)
- ↑ BirdLife International (2014) Species factsheet: Oppslag på 'Tinamidae' Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. desember 2014
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
endre- Tinamu videoar hos Internet Bird Collection
- Tinamu lydopptak hos xeno canto collection