Tobermory (skotsk gælisk Tobar Mhoire[1]) er ein by på øya Mull i Dei indre Hebridane. Han er hovudbyen for øya, og var den einaste staden med status som burgh her. Byen ligg nordaust på øya, nær nordenden av Mull-sundet. Tobermory har rundt 1000 innbyggjarar. Han blei grunnlagd som ei fiskehamn i 1788, med ein byplan basert på designa til ingeniøren Thomas Telford.

Tobermory
Tobar Mhoire
by
Land  Skottland
Fylke Argyll and Bute
Folketal 1 000
Kart
Tobermory
56°37′N 6°04′W / 56.62°N 6.07°W / 56.62; -6.07
Wikimedia Commons: Tobermory
Calve Island verner hamna i Tobermory
Tobermory sett frå Mull-sundet
Rubha nan Gall-fyret nord for Tobermory

Ordsoge endre

Namnet «Tobermory» er avleidd frå gælisk Tobar Mhoire, som tyder 'Maria-kjelda'.[2][3] Namnet viser til ei kjelde i nærleiken som var vigd til jomfru Maria.[4]

Historie endre

Ulike skip knytt til den spanske armadaen skal ha forlist her. Ifølgje ei lokal soge gjekk ein spansk galleon fullasta med gull ned i Tobermory-bukta. Han skal ha lege i Tobermory for å ta inn proviant medan han flykta frå den engelske flåten i 1588. Etter ein krangel om betaling (eller i ein variant, ei forbanning frå heksa Dòideag) skal skipet ha tatt fyr og krutlageret eksplodert, slik at heile fartøyet sokk. Ulike namn gjeve for skipet er «Florencia», «Florida» og «San Francisco». [5] Andre kjelder oppgjev namna «San Juan de Sicilia» eller «San Juan de Baptista», som ifølgje historiske nedteikningar frakta troppar, ikkje gull.[6][7][8] I alle høve har ein aldri funne spor etter skatten i Tobermory-bukta.[9] Det største forsøket på å finna galleon fann stad i 1950 då Ian Campbell, 11. hertug av Argyll skreiv ein kontrakt med det britiske Admiralitetet om søk etter han. Ingenting blei funne, men utstyret ein utvikla for å leita blei seinare brukt til å leita etter andre gamle skipsvrak.[10]

På midten av 1800-talet skipa utvandre sjømenn busetjinga Tobermory i Ontario. Denne staden har liknande seglingstilhøve, med to hamnar («Big Tub» og «Little Tub») som verner skip frå dei sterke vindane frå Huronsjøen.

Under andre verdskrigen var Tobermory treningsbase for marineskipet HMS «Western Isles». Kommandant var den sogeomspunne viseadmiralen sir Gilbert Stephenson, også kjend som Terror of Tobermory. Biografien hans blei skriven av Richard Baker, ein kringkastar som trente under han.[11][12]

Attraksjonar endre

Hovudgata i Tobermory, Main Street, er kjenneteikna av hus måla i ulike sterke fargar. Ho har mellom anna vore brukt i eit barne-tv-program kalla Balamory. Klokketårnet på hamnemuren er eit kjent landemerke. Ein finn også Mull Museum og Mull Aquarium, det første akvariet i Europa som også dreiv utsetjing av fanga fisk og sjødyr.[13] Byen har whiskydestilleriet Tobermory distillery, og frå 2005 til 2009 også eit bryggjeri, Isle of Mull brewing company.[14] Kunstsenteret An Tobar og Mull Theatre blei slått saman i 2012 til kulturorganisasjonen Comar. [15][16]

Tobermoritt er eit kalsiumsillikathydrat funne nær Tobermory i 1880 som har fått namn etter byen.[17]

Kjende innbyggjarar endre

Duncan MacGilp og Janet MacDonald frå Tobermory har begge vunne gullmedaljar ved den skotske kulturkappleiken Royal National Mòd. Tre generasjonar av MacIntyre-familien frå byen er blitt kjende i ulike forum: Angus MacIntyre var ein diktar kjend som «skalden frå Mull» (Bard of Mull), sonen hans Kenny Macintyre var politisk journalist for BBC Scotland, og sønene hans att er sportsjournalisten Kenny Macintyre ved BBC Scotland og songaren og låtskrivaren Colin MacIntyre. Trekkspelaren Bobby McLeod (1925-1991) budde i byen heile sitt liv, og var eigar av Mishnish Hotel.

Ein annan person frå Tobermory var Donald McLean (1805–1864), som utvandra til Canada i ung alder og blei pelshandlar og utforskar for the Hudson's Bay Company i pelsdistrikta New Caledonia og Columbia Department. Han blei Chief Trader ved Thompson's River Post (Fort Kamloops) i den dåverande kolonien British Columbia. Han var den siste som blei drepen i Chilcotin-krigen i 1864. Sønenen hans med ei innfødd kvinne (kjend som «halfbreed» i samtida) blei kalla Wild McLean Boys, og ende opp dømde og avretta for drap.[18]

Den kjende reiseskribenten Isabella Bird frå viktoritatida kom ofte til Tobermory, der syster hennar Henrietta hadde eit hus. Ho hjelpte ofte den lokale doktore, og bidrog minst ein gong som anaestesisjukepleiar då han fjerna ein svulst frå ei lokal kvinne. Etter at Henrietta døydde finansierte ho klokketårnet som eit minnesmerke over systera.[19]

Årlege hendingar endre

Komponisten Felix Mendelssohn vitja byen i 1829, undervegs til øya Staffa. Den årlege Mendelssohn on Mull Festival blir halden tidleg i juli til minne om dette.[20] Det blir også halden ein Traditional Music Festival den siste helga i april, ein lokal kappleik eller mòd den andre laurdagen i september, Mull Fiddler's Rally som også finn stad i september, og Mull Highland Games kvar sommar.

Transport endre

Det går ferjer mellom Tobermory og fastlandet til KilchoanArdnamurchan-halvøya, men den viktigaste tilkomstvegen til øya er ferja mellom Oban og Craignure. Craignure er rundt 35 km frå Tobermory. Det går også ferje mellom Lochaline på fastlandet til Fishnish.

Tobermory i kulturen endre

Den oppdikta byen Torbay i Alistair MacLean sin roman When Eight Bells Toll er basert på Tobermory, og mykje av filmatiseringa frå 1971 blei filma i byen og nærområdet på Mull. Ein annan film laga i området er Powell and Pressburger-klassikaren I Know Where I'm Going! (1945)

Forfattaren Saki kalla ein snakkande katt i ein av sine mest kjende noveller «Tobermory». Byen er også blir brukt i to kjende barneprogram på TV. Elisabeth Beresford kalla ein av womblesane sine «Tobermory», medan byen sjølv var kulisse for den oppdikta «Balamory» i tre år (2002–2005). I den animerte barnefilmen Nocturna heiter er den trufaste katten til kattehyden Tobermory.

I Bertie Plays the Blues i 44 Scotland Street-serieen av Alexander McCall Smith møter ein trillingbayar med namna Tobermory, Rognvald og Fergus.[21]Tobermory, Rognvald, and Fergus.

Kjelder endre

  1. «Details». Ainmean-Àite na h-Alba ~ Gaelic Place-names of Scotland. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 31 December 2014. 
  2. «Guide to Gaelic origins of place names in Britain» (PDF). Ordnance Survey. November 2005. Henta 1 September 2006. 
  3. «A Guide to the Meaning of Gaelic Distillery Names». 2003. Arkivert frå originalen 13. august 2006. Henta 1. september 2006. 
  4. Lewis, Samuel (1846). Topographical Dictionary of Scotland: Tain – Tobermory. Institute of Historical Research. s. 526–46.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  5. «A Clan Feud, a Spanish Galleon, and a Big Bang». lostfort.blogspot.com. Henta 10 July 2010. 
  6. «The Galleon San Francisco». shipmodeling.net. Henta 10 July 2010. 
  7. «The Tobermory Wreck». The Scotsman. Henta 10 July 2010. 
  8. «British Archaeology Magazine – Guns of the Armada – Colin Martin». 2002. Henta 29 July 2008. 
  9. «Tobermory Bay». reese.org. Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 10 July 2010. 
  10. «Preliminary Search for Treasure in Tobermory Bay». Popular Mechanics (October 1950): 160–162. 
  11. Baker, Richard (1972). The Terror of Tobermory: Vice-Admiral Sir Gilbert Stephenson, KBE, CB, CMG. W.H. Allen. s. 196. ISBN 978-1-84158-197-2. 
  12. Baker, Richard (2005). The Terror of Tobermory. Edinburgh: Birlinn. ISBN 978-1-84341-023-2.  Paperback edition of the above biography of Vice Admiral Sir Gilbert Stephenson KBE CB CMG and history of HMS Western Isles
  13. «Mull Aquarium». Mull Aquarium. Henta 5 November 2015. 
  14. «Isle of Mull Brewing Company». Today's Breweries. ScottishBrewing.com. Henta 17 August 2016. 
  15. «Mull public meeting on Comar mess: a rout ending in An t-Eilean Muileach». Argyll News. Arkivert frå originalen 20. desember 2015. Henta 2. januar 2016. 
  16. «music, visual arts & theatre». Comar. Henta 16 March 2013. 
  17. «Tobermorite». mindat.org. Henta 24 July 2010. 
  18. «McLEAN, DONALD». Dictionary of Canadian Biography Online. Henta 31 December 2014. 
  19. Stoddart, Anna (1906). The life of Isabella Bird : (Mrs Bishop). Murray. ISBN 9781169984554. 
  20. «Mendelssohn on Mull Festival». Mendelssohn on Mull Festival. Henta 17 March 2017. 
  21. Alexander McCall Smith: Bertie Plays the Blues; pub. Anchor Books, 2013

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tobermory
Tobermory's Main Street