Nord-Østerdal prosti

62°17′5″N 10°45′15″E / 62.28472°N 10.75417°E / 62.28472; 10.75417

Tynset kyrkje

Nord-Østerdal prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Alvdal, Folldal, Os, Rendalen, Tolga og Tynset i Hedmark (Innlandet fylke). Prosten har sete på Tynset.

Historie endre

Prostiet vart oppretta i 1867 då Østerdalen prosti vart delt i to.[1] Prostiet femnde frå starten prestegjelda Rendalen, Lille-Elvedalen (Alvdal), Tynset, Tolga og Kvikne.[1]

Tidslinje endre

  • 1867 - Østerdalen prosti vart delt i to; Nord-Østerdal og Sør-Østerdal prosti.[1] Nord-Østerdal bestod frå skipinga av Alvdal (Lille-Elvedalen), Kvikne, Rendalen, Tolga og Tynset.[1]
  • 1868 - Sollia prestegjeld vart overført til prostiet frå Gudbrandsdalen prosti.[1]
  • 1911 - Engerdal prestegjeld vart oppretta. Området vert skilt ut frå Trysil, Rendalen, Tolga og Røros.[1]
  • 1922 - Engerdal prestegjeld vart overført til Sør-Østerdal prosti.[1]
  • 1966 - Kvikne prestegjeld vart lagt ned og Kvikne sokn vart innlemma i Tynset.[1][2]
  • 1969 - Sollia prestegjeld vart lagt ned og Sollia sokn vart overført til Stor-Elvdal prestegjeld i Sør-Østerdal prosti.[3]
  • 1982 - Os vart skilt ut frå Tolga som eige prestegjeld.[4]
  • 1989 - Folldal vart skilt ut frå Alvdal som eige prestegjeld.
  • 2004 - Utfasinga av prestegjeldsordninga tok til.

Sokn endre

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Alvdal sokn Alvdal kyrkje Alvdal
Brydalen sokn Brydalen kyrkje Tynset
Dalsbygda sokn Dalsbygda kyrkje Os
Folldal sokn Folldal kyrkje
Egnund kapell
Folldal
Hanestad sokn Hanestad kyrkje Rendalen
Hodalen sokn Hodalen kyrkje Tolga
Holøydalen sokn Holøydalen kyrkje Tolga
Kvikne sokn i Østerdalen Kvikne kyrkje i Østerdalen Tynset
Narbuvoll sokn Narbuvoll kyrkje
Tufsingdalen kyrkje
Os
Os sokn i Østerdalen Os kyrkje i Østerdalen Os
Sjøli sokn Sjøli kyrkje Rendalen
Tolga sokn Tolga kyrkje Tolga
Tylldalen sokn Tylldalen kyrkje Tynset
Tynset sokn Tynset kyrkje Tynset
Vingelen sokn Vingelen kyrkje Tolga
Ytre Rendal sokn Ytre Rendal kyrkje Rendalen
Øvre Folldal sokn Dalen kyrkje i Østerdalen Folldal
Øvre Rendal sokn Øvre Rendal kyrkje Rendalen

Prestegjeld endre

Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nord-Østerdal prosti desse prestegjelda:

Sjå òg endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre