Opna hovudmenyen

Tomáš Dvořák (fødd 11. mai 1972) er ein tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Gottwaldov i dagens Tsjekkia, som tevla internasjonalt i tikamp og sjukamp. Han vann tre strake gullmedaljar i tikamp under VM i friidrett 1997, 1999 og 2001. I Praha i 1999 sette han verdsrekord med 8 994 poeng, ein poengskår som einast to utøvarar sidan har overgått.

Tomáš Dvořák

ThomasDvorak.jpg

Statsborgarskap Tsjekkoslovakia
Fødd 11. mai 1972
Zlín
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, trener

AktivEndra

Dvořák byrja med tikamp i 1990, medan han var inne til militærteneste. Gjennombrotet kom då han vann bronsemedaljen i dei olympiske sommarleikane 1996 i Atlanta. Året etter vart han verdsmeister i Aten, ein meistertittel han forsvarte i Sevilla i 1999. Korkje i den mellomliggjande europameisterskapen 1998, ei heller under Sommar-OL 2000 makta Dvořák å take medalje. Derimot vann han sin tredje strake VM-tittel i tikamp då VM 2001 fann stad i Edmonton.

Under Europacupen i mangekamp den 3. og 4. juli 1999 forbetra Tomáš Dvořák i Praha verdsrekorden til USA-amerikanaren Dan O’Brien med over 100 poeng til 8 994 poeng. Ettersom han konsentrerte seg om tida han måtte inn under, for å slå verdsrekorden, jubla han allereie på dei siste meterane før målstreken. Dermed glapp sjansen til å verte den fyrste tikjemparen med 9 000 poeng. Verdsrekorden til Dvořák vart slått i 2001 av hans eigen landsmann, Roman Šebrle. Dvořák er den einaste utøvaren som tre gongar har skåra over 8 900 poeng.

Etter talrike skadar kom han tilbake og blanda seg inn i medaljekampen i tikamp under Paris-VM i 2003, der han enda på fjerdeplassen. Dvořák la opp i 2008, då han mislukkast i å kvalifisere seg til Sommar-OL i Beijing.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra