Opna hovudmenyen

Tom Fogerty

USA-amerikansk musikar, rytmegitarist i Creedence Clearwater Revival

Thomas Richard «Tom» Fogerty (9. november 19416. september 1990) var ein amerikansk gitarist og låtskrivar. Han er mest kjent som gitarist i Creedence Clearwater Revival frå 1967 til 1971. Han forlét bandet etter usemje med veslebroren og bandkollega, John Fogerty. Etter tida i CCR gav han ut fleire album som soloartist og saman med bandet Ruby.

Tom Fogerty
Creedence Clearwater Revival 1968.jpg
Creedence Clearwater Revival. Frå venstre til høgre Tom Fogerty, Doug Clifford, Stu Cook og John Fogerty.
Fødd9. november 1941
FødestadBerkeley i California i USA
Død6. september 1990 (48 år)
DødsstadScottsdale i Arizona i USA
FødenamnThomas Richard Fogerty
OpphavUSA
Aktiv1959–1990
SjangerRock, roots-rock, countryrock, bluesrock, swamp-rock, southern rock, rock and roll
InstrumentGitar, synging, piano
Kjende instrumentGuild Starfire IV Rickenbacker 360 (6-string)
PlateselskapFantasy, PBR
Verka somMusikar, låtskrivar

Fogerty døydde av aids i 1990, truleg etter å ha fått i seg HIV-smitta blod ved ei blodoverføring.

DiskografiEndra

Creedence Clearwater RevivalEndra

SoloEndra

  • 1972 Tom Fogerty
  • 1972 Excalibur
  • 1974 Zephyr National
  • 1974 Myopia
  • 1981 Deal It Out
  • 1984 Precious Gems
  • 1992 Sidekicks – utgjeve posthumt

RubyEndra

  • 1976 Ruby
  • 1978 Rock & Roll Madness

Andre utgjevingarEndra

  • The Very Best of Tom Fogerty
  • Tom Fogerty Live in California 1982

KjelderEndra