Tom Tellefsen

norsk skodespelar

Tom Tellefsen (30. oktober 193117. januar 2012) var ein norsk skodespelar frå Asker, kjend frå både teater og film.

Tom Tellefsen

Fødd30. oktober 1931
FødestadAsker
Død17. januar 2012 (80 år)
Verka somskodespelar
EktefelleRut Tellefsen
Tom Tellefsen og Johnny Bergh under ei førestilling ved Nationaltheatret

Biografi endre

Som barn flytte Tom Tellefsen frå Asker til Oslo med familien på slutten av 1930-åra. Som ung var han interessert i idrett, og spela m.a. fotball for eit Oslo-lag. Allereie før examen artium i 1950, hadde han fått debuten sin som skodespelar, nemleg i rolla som Karsten i filmen Gategutter (1949) av Arne Skouen. Dette vart eit springbrett for karrieren hans, og han fekk snart nye roller i norske filmar frå 1950-åra. Tellefsen utdanna seg ved Statens Teaterskole, og vart tilsett ved Det Norske Teatret i 1959.

Ei av dei mest kjende teaterrollene til Tellefsen var i monologen Kaspar av Peter Handke. Ein av kritikarane til dette stykket kalla det «Ein av Tom Tellefsens største sigrar med eit overlag detaljsikkert, fint balansert spel.»[1] Elles vart han kjend for sine tolkingar av rollefigurane i dei absurde stykka til Samuel Beckett, m.a. då han spela Estragon i Mens vi ventar på Godot saman med Bjarne Andersen i 1970.

I 1986 og 1996 opptredde Tellefsen i Ein sørgjeleg time med Tom Tellefsen på Det Norske Teatret.[2] Dette var ein slags matiné der han framførte tekstar av Samuel Beckett, Franz Kafka, Slawomir Mrozek og Kjell Askildsen.

Tom Tellefsen gjekk av med pensjon frå Det Norske Teatret i 2001. I tillegg til den over 40 år lange innsatsen sin på Det Norske Teatret har Tellefsen hatt mange oppdrag både i Radioteatret og Fjernsynsteatret.

Frå 1955 til 1962 var han gift med skodespelaren Rut Tellefsen. Dei fekk dottera Pia Tellefsen, som også er skodespelar.

Utmerkingar endre

Rolleliste (utval) endre

Film endre

  • 1949: Gategutter
  • 1952: Nødlanding
  • 1952: Andrine og Kjell
  • 1954: Cirkus Fandango
  • 1955: Blodveien
  • 1956: Gylne ungdom
  • 1960: Venner
  • 1960: Omringet
  • 1968: Smuglere
  • 1968: De ukjentes marked
  • 1970: Balladen om mestertyven Ole Høiland
  • 1970: Douglas
  • 1974: Bør Børson jr.
  • 1974: Kimen
  • 1975: Skraphandlerne
  • 1976: Bør Børson II
  • 1979: Kronprinsen
  • 1979: Ingen roser... takk
  • 1982: Olsenbandens aller siste kupp
  • 1982: Engler i sneen
  • 1986: Makaroni Blues
  • 1986: Hard asfalt
  • 1988: Sweetwater
  • 2000: Ballen i øyet

Teater endre

Kjelder endre

Fotnotar endre