Tommy Seebach Mortensen (14. september 194931. mars 2003) var ein populær dansk musikar, songar, pianist og produsent. Han er kjend som frontfigur i bandet Sir Henry and his Butlers og for sine mange bidrag i Dansk Melodi Grand Prix som han vann tre gongar. Han var far til musikarane Nicolai Seebach og Rasmus Seebach[1]. Han døydde i 2003, og er gravlagd på Frederiksberg Ældre Kirkegård.

Tommy Seebach

Fødd14. september 1949
FødestadKøbenhavn
Død31. mars 2003 (53 år)
DødsstadKøbenhavn
FødenamnTommy Seebach Mortensen
OpphavKongeriket Danmark
Aktiv1963–2003
Sjangerpop
Instrumentorgel, piano, gitar, tangentfjøl, vokal
Verka somsongar-låtskrivar, songar, komponist, pianist
BornRasmus Seebach, Nicolai Seebach

Bakgrunn endre

Som 14-åring starta Seebach sin musikalske karriere med sitt eige band The Colours. Dei neste åra spelte han i ei rekkje ulike band på klaver og keyboard og gjekk under namnet «Boogie-Woogie-Tommy». I 1965 blei han medlem i rockebandet Sir Henry and his Butlers, der han skreiv fleire av hitane til gruppa, blant andre «Monkey's in Wood» frå 1969.[2] I 1975 innleia han ein solokarierre etter å ha oppnådd stor popularitet i Sir Henry and his Butlers. Han fortsette innan rockemusikken, men gjorde også fleire instrumental- og vokalinnspelingar innan pop. Han blei godt hjelpt fram i radio- og tv-program av kameraten Jørgen de Mylius og leverte ei rekkje vignettsongar til radio og tv. Det fyrste soloalbumet hans, Wheels, kom ut i 1975.

I ein periode var Seebach innspillingssjef for EMI i Danmark og medansvarleg for ei rekkje musikkutgjevingar, blant anna med duoen Laban, Jens Brixtofte, M.K.T og The Lollipops, MAGIC, ei lokal popgruppe frå Herlev, i tillegg til Made in Denmark.

Dansk Melodi Grand Prix endre

Tommy Seebach deltok åtte gongar i Dansk Melodi Grand Prix og vann tevlinga tre gongar. Tekstane skreiv han saman med Keld Heick. Utover i 1980-åra fekk han kallenamnet «Kongen av Dansk Melodi Grand Prix» på grunn av dei mange deltakingane sine.[3]

  • 1979 – «Disco Tango» (1. plass)
  • 1980 – «Bye-Bye» (sungen av Lecia & Lucienne, 7. plass)
  • 1981 – «Krøller eller ej[4]» (i duett med Debbie Cameron, 1. plass)
  • 1982 – «Hip hurra det' min fødselsdag» (2. plass)
  • 1984 – «Pyjamas for to» (4. plass)
  • 1985 – «Det' det jeg altid har sagt» (2. plass)
  • 1987 – «Det' gratis» (4. plass)
  • 1993 – «Under stjernerne på himlen[5]» (1. plass)

Eurovision Song Contest endre

Den fyrste deltakinga til Seebach i Eurovision Song Contest var i 1979 med songen «Disco Tango». Songen blei ein kjempehit heime i Danmark, men fekk også ein viss suksess i Europa etter tevlinga. Han enda på ein sjetteplass, den beste plasseringa til Danmark sidan sigeren i 1963. To år seinare, i 1981, deltok han igjen med «Krøller eller ej[6]», som han song med Debbie Cameron. Songen enda på delt ellevteplass. Han deltok siste gong i 1993, med songen «Under stjernerne på himlen[7]». Denne blei også populær i Danmark, men blei berre nummer 22 av 25. Den svake plasseringa gjorde at Danmark ikkje var kvalifisert til Eurovision Song Contest året etter.

Plasser i Eurovision Song Contest:

  • 1979 – 6 av 19, 76 poeng
  • 1981 – 11 av 20, 41 poeng
  • 1993 – 22 av 25, 9 poeng

Etter Melodi Grand Prix endre

I 1989 fekk Seebach ein stor hit med songen «Du skælder mig hele tiden ud» som han song saman med Annette Heick. Hiten blei følgd opp av to singlar og eit julealbum.

I 1999 fekk han eit comeback med discoversjonen av «Krøller eller ej», som han gav ut saman med eit samlealbum. Han turnerte på danske diskotek, der han nærmast oppnådde kultstatus blant publikummet som kunne hugse songane hans frå barndommen sin. I åra før han døydde, underheldt Seebach i Bakkekroen på Dyrehavsbakken, der han jobba som musikalsk sjef.

Privatliv og død endre

 
Gravsteinen til Seebach på Frederiksberg Ældre Kirkegård.

Tommy Seebach var gift med Karen, og paret fekk borna Nicolai, Rasmus Seebach[8] og Marie. Ekteparet gjekk frå kvarandre rundt tusenårsskiftet, på grunn av det stadig meir omfattande alkoholmisbruket til Seebach, men dei to heldt kontakten fram til han døydde.[9]

Alkoholmisbruket til Seebach starta for alvor i 1980-åra og fortsette i 1990-åra. Misbruket var så ille at Danmarks Radio kvidde seg for å bruke Seebach i tv-sendingar. Blant anna måtte han sende inn songen «Under stjernerne på himlen[10]» tre år på rad før kringkastaren aksepterte han til Melodi Grand Prix. Årsaka var ikkje songen, men at Danmarks Radio frykta at Seebach ville opptre drukken og «lage skandale».[11]

Måndag 31. mars 2003 kollapsa Seebach på veg opp ein bakke på jobb på Dyrehavsbakken.[12] Han døydde på veg til sjukehuset, 53 år gammal. Fleire år med omfattande alkoholforbruk fekk i stor grad skulda for den tidlege døden hans.[9][13][14] Han er gravlagd på Frederiksberg Ældre Kirkegård.[15]

Ettermæle endre

I fleire år etter at Seebach døydde var det stille i Danmark omkring musikaren, men i 2007 oppstod det ei bølgje som gjorde musikken hans populær igjen. Bølgja starta med at ein gammal musikkvideo frå Shadows-nummeret «Apache», med lettkledde indianarjenter, deriblant unge Louise Frevert,[16] oppnådde kultstatus på YouTube.[17]

I 2009 fekk sonen Rasmus Seebach[18] sitt store gjennombrot, blant anna med låten «Natteravn», og dette førte til auka interesse rundt Tommy Seebach. I 2010 blei det laga ein dokumentarfilm, Tommy,[19] om hans liv. Same år blei det gjeve ut ein biografi og ein samle-CD med alle dei originale verka til Seebach i tillegg til ei rekkje ikkje tidlegare utgjevne songar. I 2017 blei det oppført ein musikal om Tommy og Rasmus under namnet Seebach på Fredericia teater. Musikalen inneheldt musikk frå både far og son Seebach og blei så populær at teateret måtte setje opp fleire framsyningar.[20][21] Musikalen blei seinare sett opp i Aarhus, der han blei den mest sette musikalen i byen gjennom tidene.[22]

Trivia endre

  • Seebach og duoen Hot Eyes er dei eineste artistane som har vunne Dansk Melodi Grand Prix tre gongar.

Kjelder endre

  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  2. Bille, Torben: Tommy Seebach i Den Store Danske på lex.dk. Henta 25. desember 2023.
  3. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 8. desember 2008. Henta 10. juli 2018. 
  4. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  5. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  6. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  7. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  8. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  9. 9,0 9,1 «Karen Seebach: Derfor gik jeg fra Tommy | BILLED-BLADET». BILLED-BLADET (på dansk). Henta 10. juli 2018. 
  10. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  11. Lykke, Allan (12. november 2010). «DR frygtede skandaler med Tommy Seebach». Ekstra-Bladet. Henta 10. juli 2018. 
  12. «Kunne ikke stoppe fars druk». www.bt.dk (på dansk). 14. juni 2003. Henta 10. juli 2018. 
  13. «Hvorfor gik det så galt for Tommy Seebach?». Politiken (på dansk). Henta 10. juli 2018. 
  14. Thoby, Esben (6. november 2010). «Rasmus Seebach: Far døde af alkohol». Se og Hør (på dansk). Henta 10. juli 2018. 
  15. «Tommy Seebach». gravsted.dk. Henta 10. juli 2018. 
  16. Rikke Struck Westersø. «20 år med DF: Husker du mavedanseren, dansktopsangen og 'Holger og konen': Mavedanseren» (på dansk). TV2 dk. Henta 25. desember 2023. 
  17. «Tommy Seebach total-kult på Youtube». livsstil.tv2.dk. 
  18. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  19. Tommy Seebachs liv bliver til film – iBYEN.dk[daud lenkje]
  20. «Musical om Tommy og Rasmus Seebach rykker ind på Det Kongelige Teater». TV 2 Lorry (på dansk). 21. juni 2018. Henta 10. juli 2018. 
  21. «Enestående billetsalg i december får Fredericia Teater til at forlænge musicalen SEEBACH endnu en gang. - Fredericia Teater». Fredericia Teater (på dansk). 4. januar 2017. Arkivert frå originalen 11. juli 2018. Henta 10. juli 2018. 
  22. «Seebach overgår alt: Nu er det den mest sete musical i Aarhus» (på dansk). 8. mai 2018. Henta 10. juli 2018.