Tongariro-elva

(Omdirigert frå Tongariro River)

Tongariro-elva er ei elvNordøyaNew Zealand. Ho spring ut frå det sentrale platået på Nordøya, der ho får tilsig frå talrike sideelver, som til dømes Whitikau, Poutu og Mangamawhitiwhiti. Desse renn ned frå åsane omkring og frå fjell som Mount Ruapehu. Elva snor seg så nordetter, gjennom busetnaden Turangi, før ho renn ut i Tauposjøen via ei rekkje elvemunningar. Minimum vassføring i den nedre delen av Tongariro River varierer frå omkring 16 /s (målt oppe i elva ved Poutu Intake)[1] til 21 m³/s (målt nede i elva ved Major Jones Pool).[2] Desse voluma kan auka betydeleg under nedbør i omliggjande fjell og åsar.

Tongariro River
Tongariro-elva
elv
Eit stykke av Tongariro River
Land  New Zealand
Lengd 604 km
Kjelde Tongariro National Park
Munning Tauposjøen
 - høgd 356 moh.
Kart
Tongariro River
39°06′20″S 175°50′06″E / 39.105512°S 175.834932°E / -39.105512; 175.834932
Wikimedia Commons: Tongariro River

Sportsfiske endre

Tongariro-elva er den fiskerikaste elva på New Zealand,[3] og dreg til seg sportsfiskarar frå heile verda, som kjem til Tongariro for å fiska etter regnbogeaure og aure, som kjem opp elva frå innsjøen i dei kjølige vintermånadane for å gyta. Om lag 75% av auren i Tongariro er regnbogeaure, og 25 % er aure.

Tongariro er rekna som ei av dei beste elvene i verda for aurefiske, mykje òg for at ho er lett tilgjengeleg. Riksvegen State Highway 1 følgjer elva fleire kilometer og gjev fiskarar lett tilkomst til dei talrike fiskehølane og stryka. Liksom mange elver på New Zealand, er Tongariro statseigd, ingen privatperson har eigarskap til noka strekning i elva. Ved å løysa fiskekort (Taupo Fishing Licence), kan kven som helst fiska i elva. Derfor er det ikkje uvanleg å sjå lokalfolk fiska side ved side med oversjøiske fiskarar eller kjende personar (dei sistnemnde oftast saman med guide).

Hølane i Tongariro-elva er vanlegvis kalla opp etter historiske personar som har fiska i elva (Major Jones Pool, Duchess Pool), eller den geografiske plasseringa deira (Birch Pool, Fence Pool, Redhut Pool). Flaumar har ført til store endringar i utsjånad og storleik på mange av desse hølane (som i 2004 då Breakaway Pool vart heilt borte etter at elveløpet vart endra), medan andre, som Major Jones Pool, har halde seg relativt uendra gjennom dei siste 50 åra.

Populære fiskemåtar i elva er mellom anna nymfefiske og våt- og tørrflugefiske. Ein særskild teknikk for flugefiske som liknar einhandskast, kalla «Tongariro roll cast»,[4] vart utvikla i denne elva. Namnet[5] vart gjeve av Herb Spannagl som såg teknikken brukt i Tongariro, og som meinte han var tilstrekkeleg ulik andre kasteteknikkar til å få sitt eige namn. Tongariro roll cast vert brukt for å kasta ut eit flugesnøre på stader der det er hindringar bak fiskaren som ikkje let han bruka tradisjonelle kasteteknikkar.

Referansar endre

  1. «Poutu Intake». Genesis Energy. Arkivert frå originalen 20. april 2006. Henta 26. mars 2009. 
  2. «Tongariro River at Turangi». Genesis Energy. Arkivert frå originalen 5. august 2006. Henta 26. mars 2009. 
  3. «Taupo Fishery». Department of Conservation (New Zealand). Oktober 2006. 
  4. «The Tongariro Roll Cast». 
  5. «New Zealand Fly fishing-Tongariro Roll Cast video». Arkivert frå originalen 25. mars 2009. Henta 26. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

38°56′17.00″S 175°46′51.70″E / 38.9380556°S 175.7810278°E / -38.9380556; 175.7810278