Tore Elias Hoel (fødd 14. desember 1953) er ein norsk lektor, lyrikar og ungdomsbokforfattar frå i Harstad.

Tore Elias Hoel

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. desember 1953 (70 år)
Harstad kommune
Yrke skribent, lyrikar
Språk norsk

Han har skrive seks ungdomsromanar, to diktsamlingar og ein libretto til ein opera for born. Han er utdanna cand. philol. og har undervist i norsk litteratur på universitet, distriktshøgskule og lærarhøgskule og i norsk og historie på vidaregåande skule. Han bur i Bodø og arbeider på Bodø videregående skole.

I intervju har Hoel fortalt at han i diktsamlingane sine prøvde å utvida den politiske lyrikken i ekspresjonistisk retning. Etter ein pause i forfattarskapen begynte han å skriva romanar for ungdom. Desse relativt korte romanane har alle eit avgrensa tidsforløp (handlinga skjer innanfor eitt døgn), og dei tar utgangspunkt i ei kaoskjensle (oppløyste familiar, eit samfunn utan styring) der også sorg og sakn står sentralt. I alle romanane har kunst ein plass, som utveg til å byggja ein ny identitet. Språket i romanane er kortfatta og sakleg.

Hoel skreiv i 2005 librettoen til ein opera for born, Jomfru Rosenving på Santavajasø. Musikken blei laga av Sigmund Lillebjerka. Operaen blei framført i 2005 i Bodø og Mo i Rana.

Hoel sat òg i den nemnda som Språkrådet oppnemnde i januar 2010 for å normere nynorsk. Nemnda avslutta arbeidet sitt i 2011, og resultatet blei Rettskrivinga av 2012.

Bibliografi endre

Prisar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

[[Kategori:Forfattarar frå Troms}}