Tori Stødle
Tori Stødle (1. juli 1942–12. august 2022) var ein norsk pianist og professor ved Musikkonservatoriet ved Universitetet i Tromsø.[1]
Tori Stødle | |||
Fødd | 1. juli 1942 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 12. august 2022 (80 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | professor, pianist | ||
Prisar | Nordlysprisen |
Stødle var utdanna klaverpedagog. Ho hadde vore elev av Mary Barratt Due og Robert Riefling og hadde studert ved Juilliard School i New York i USA og ved Staatliche Hochschule für Musik i Stuttgart.[1] I 1987 vart ho førsteamanuensis ved Nordnorsk Musikkonservatorium, der ho seinare vart professor.[1] Stødle debuterte som konsertpianist i 1970. Ho har halde konsertar i inn- og utland, og dessutan spelt inn fleire plater.[1]
Kong Harald V av Noreg utnemnde i 2011 Stødle til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen hennar for norsk kulturliv.[2]
Utgjevingar
endre- Pianomusts. 2006. Arena AR 06006. Verk av norske samtidskomponister.
- Franz Schubert, Brahms. 2005. Arena Ar 05004
- Landscapes in music: Piano works, Tromsø: SoNor Music, 2000. SNMCD2000. Verk av David Monrad Johansen.
- Piano works: Berg, Bibalo, Germeten, Brahms. Victoria, 1996. ECD 19001
- Music from the top of the world, 1991. Victoria VCD 19058. Verk av Ketil Vea, Folke Strømholm, Gunnar Germeten jr., David Monrad Johansen, Arne Nordheim, Edvard Grieg
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Stødle får St. Olavs orden»[daud lenkje], Universitetet i Tromsø, besøkt 19. august 2014.
- ↑ «Utnevnelse til St. Olavs Orden», kongehuset.no, besøkt 28. januar 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Tori Stødle» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Tori Stødle i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Diskografi Arkivert 2022-07-16 ved Wayback Machine., rockipedia.no