Torill Selsvold Nyborg

norsk politikar

Torill Selsvold Nyborg (fødd 23. februar 1952) er ein norsk politikar som representerer Kristeleg Folkeparti.

Torill Selsvold Nyborg

Torill Selsvold Nyborg
Foto: Sondre Olsen
Fødd23. februar 1951 (73 år)
Kvam herad
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, misjonær, sjukepleiar
EktefelleGeir Magnus Nyborg
VervHordalands fylkesordførar 2003-2011
FøregangarGisle Handeland
EtterfylgjarTom-Christer Nilsen
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1997–2001)
  • fylkesordførar i Hordaland (2003–2011)
  • vararepresentant til Stortinget (2001–2005)
  • vararepresentant til Stortinget (2005–2009)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2005–2005)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2020–2021) Sjå dette på Wikidata

Nyborg er oppvaksen i Ålvik i Kvam i Hardanger. Ho var misjonær i Arequipa i Peru frå 1977 til 1982.

I 1995 til 1999 gjekk ho inn i Hordaland fylkesting som leiar for kultur- og helseutvalet. I perioden 1999-2003 var Nyborg fylkesvaraordførar i Hordaland. Ho vart vald til fylkesordførar i fylket fyrste gong frå 2003-2007, då ho avløyste Gisle Handeland. Med dette vart Nyborg den fyrste kvinnelege fylkesordføraren i Hordaland, og den fyrste i stillinga som representerte KrF. Tom-Christer Nilsen var fylkesvaraordførar i denne perioden. Nyborg vart attvald frå 2007-2011, framleis med Nilsen som fylkesvaraordførar. I 2011-2015 var ho gruppeleiar for KrF på fylkestinget.

Torill Selsvold Nyborg har engasjert seg sterkt i kampen for større regionar, og har vore leiar av Vestlandsrådet. Ho tok i 2005 imot Øyvind Heitmann frå Republikken Gulating som også arbeider for sterkare sjølvstyre på Vestlandet. Ho er også kjend for sitt arbeid for ei ny jarnbane i Hordaland, t.d. frå Bergen til Norheimsund.

Ved stortingsvalet 2005 vart Nyborg vald som 2. vara til Stortinget for Hordaland KrF.

Torill Selsvold Nyborg er gift med Geir Magnus Nyborg, kjend frå skipinga av Kystradioen og Familier & Medier. Ho er busett på Bildøy i Fjell kommuneSotra.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre