Travelin' Prayer
Travelin' Prayer av Billy Joel frå albumet Piano Man | ||
B-side |
«Ain't No Crime» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | Devonshire Sound, Los Angeles | |
Sjanger | rock, folkrock | |
Lengd | 3:03 (singel) 4:16 (album) | |
Selskap | Family Productions/Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Michael Stewart | |
Billy Joel-kronologi | ||
«Worse Comes to Worst» (1974) |
Travelin' Prayer | «The Ballad of Billy the Kid» (1974)
|
«Travelin' Prayer» er ein song av songaren Billy Joel, gjeve ut som den tredje singelen frå albumet Piano Man i 1974. Songen er ein rask, banjo-dominert song.[1] Singelen nådde 77. plass på Billboard Hot 100 og 34. plass på Adult Contemporary-lista.
Tekst og musikk
endreJoel skreiv «Travelin' Prayer» kring to år før han vart spelt inn for albumet.[2] Songen har fire vers og to instrumentale parti.[3] Teksten handlar om at songaren bed om at kjærasten må vere trygg til ho er attende hos han igjen.[3] Songen har element av country og går i eit livleg tempo.[3] Insturmenta på songen er mellom anna honky-tonkpiano, banjo, fele og trommer spelt med vispar.[3] Joel speler munnspel under det andre instrumentale partiet.[3] Forfattaren Ken Bielen skriv at songen er inspirert av irsk folkemusikk.[3]
Andre versjonar
endre«Travelin' Prayer» vart spelt av Earl Scruggs Revue i 1973 på albumet Rockin' Cross the Country.[4] Billboard Magazine omtalte denne versjonen som ein av dei beste på det albumet.[5] Dolly Parton fekk seinare Grammyprisen for beste kvinneleg countrysong då ho spelte songen i 1999 på albumet The Grass Is Blue.[6][7] Parton sa at ho «alltid hadde elska Billy Joels 'Travelin' Prayer', som ho meinte lånte frå rein bluegrass.»[8] Parton spelte nettopp songen i bluegrass-stil.[9]
Lister
endreListe (1974) | Plassering |
---|---|
Canadian Singles Chart[10] | 61 |
U.S. Billboard Hot 100[11] | 77 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[12] | 34 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Travelin' Prayer» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Song of the Day: 'Travelin' Prayer,' Billy Joel». NJ.com. 7. november 2011. Henta 31. januar 2014.
- ↑ Bordowitz, H. (2006). Billy Joel: The Life & Times of an Angry Young Man. Random House. s. 74–75, 238. ISBN 9780823082483.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Bielen, K. (2011). The Words and Music of Billy Joel. ABC-CLIO. s. 27, 130. ISBN 9780313380167.
- ↑ «Rockin' Cross the Country». Allmusic. Henta 27. august 2014.
- ↑ «Billboard's Top Album Picks». Billboard Magazine. June 1, 1974. s. 48. Henta 27. august 2014.
- ↑ Graff, G. (February 13). «Dolly Parton Makes Big Splash With Little Sparrow». ABC News. Henta 27. august 2014.
- ↑ «Dolly Parton awards». IMDB. Henta 27. august 2014.
- ↑ Bessman, J. (September 25, 1999). «Parton Sings Bluegrass for the Fans». Billboard Magazine. s. 34. Henta 27. august 2014.
- ↑ «Dolly Parton: The Grass is Blue». CMJ New Music Report. November 1, 1999. s. 28. Henta 27. august 2014.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 31. januar 2014.
- ↑ «Billy Joel - Chart history». Billboard. Henta 31. januar 2014.
- ↑ «Billy Joel - Chart history». Billboard. Henta 31. januar 2014.