Trengereid

Busetnad i Bergen

Trengereid er ei bygd i Arna i Bergen kommune. Staden ligg ved Sørfjorden, sørom Osterøy.

Trengereid
stad
Frå Trengereid
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Postnummer 5263 TRENGEREID
Preposisjon Trengereid
Ferdselsårer 7 E16 Bergensbanen
Kart
Trengereid
60°25′40″N 5°37′24″E / 60.42777778°N 5.62333333°E / 60.42777778; 5.62333333
Wikimedia Commons: Trengereid, Bergen

Fylkesveg 7 og Europaveg 16 møtest like ved Trengereid, og Bergensbanen går gjennom bygda nede ved fjorden.

Trengereid fabrikker vart i 1895 etablert av Johan Jebsen. Fabrikken dreiv med band og lisseproduksjon og hadde eiget kraftverk. Trengereid kraftverk er i dag modernisert og overteke av Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap.

Namnet Trengereid kjem av gamalnorsk Þreng(v)areið/Þrøngvareið, og tyder eid som er skapt av, eller går gjennom, ei snevring. [1]

Sjå òg

endre

Fotografi frå Trengereid

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  1. Jørn Sandnes og Ola Stemshaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.