Tromsø arktisk-alpine botanisk hage

69°40′37″N 18°58′35″E / 69.67685966525323°N 18.976306915283203°E / 69.67685966525323; 18.976306915283203

Botanisk hage i Tromsø, med utsikt til Tromsdalen og Tromsdalstinden i bakgrunnen.
Foto: Harald Groven

Tromsø arktisk-alpine botanisk hage som ligg på nesten 70 grader nord, er den nordlegaste botaniske hagen i verda.

Den 18 dekar store hagen vart opna i juli 1994, og ligg sør-aust for universitetsområdet, med utsyn til fjella i aust og sør. Breiddegraden svarar til nordkysten av Alaska, og kunne tyda på eit ekstremt arktisk klima. Verknadane av Golfstraumen gjer vêrlaget her mykje mildare. Tromsø har derfor relativt milde vintrar (døgnnormal i januar -3,8 °C) og relativt kjølige somrar (døgnnormal i juli 11,8 °C).

Frå 15. mai til 27. juli er det midnattssol i Tromsø, og dette kompenserer noko for den korte vekstsesongen og dei låge temperaturane. Frå 21. november til 17. januar er det mørketid, og sola går ikkje over horisonten. Snø dekkjer vanlegvis bakken frå oktober-november og er gjerne borte ved sjøen til midt i mai, medan han kan liggja til langt ut på sommaren i større høgder. Sesongen i Botanisk hage er vanlegvis frå slutten av mai til midten av oktober.

Arktisk-alpin Botanisk hage i Tromsø er ein del av Tromsø Museum ved UiT.

Viktige samlingar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre