Laukslekta
Laukslekta (Allium) er ei slekt i påskeliljefamilien (Amaryllidaceae) med over 600 arter i Europa, Midt-Austen, Sentral-Asia, Aust-Asia og Nord-Amerika. Artene er fleirårige urter, som dannar knollar. Alle har laukaktig lukt og smak. I APG III-systemet er slekta ein del av underfamilien Alliaceae og utgjer ein eigen tribus i denne.
Laukslekta | |
Blomstrane i laukslekta er regelrette og alltid bygde opp over 3-talet (her 2 x 3). | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Alliaceae Allioideae |
Stamme: | Allieae |
Slekt: | Laukslekta Allium L., 1753 |
Ei rekkje andre planter frå denne slekta blir brukte i matlaging, til dømes lauken til vanleg lauk og kvitlauk og stilken frå purrelauk og graslauk.
Laukane kan vere einslege eller samla i klyngje, og dei deler seg kvart år anten ved rothalsen eller langs jordstengelen. Det ytre skalet er brunt eller grått, glatt og seigt, medan dei indre skala er hinneaktige. Blada visnar jamnast ned ved frømogninga, men elles dannar dei ein varig, grunnstilt bunt på 1-12 stk. Blada er vanlegvis lineforma, fura eller flate og rette eller seglforma. Blomstrane sit i skjermar som blomstrar innanfrå og utover. Ofte er dei supplerte med eller har berre yngleknoppar. Blomstrane er opprette, overhengjande eller hengjande med 6 blomsterblad i to krinsar. Frukta er kapselliknande med fleire svarte frø.
Nokre artar
endreEi rekkje artar er registrerte i naturen i Noreg:[1][2]
- Vill-lauk (A. oleraceum), livskraftig (LC)
- Strandlauk (A. vineale), livskraftig (LC)
- Roselauk (A. carinatum), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2023[3]
- Bendellauk (A. scorodoprasum), nær truga (NT) i Raudlista 2021[4]
- Pipelauk (A. fistulosum), sterkt truga (EN)[4]
- Kepalauk, lauk, vanleg lauk (A. cepa), framandart, tradisjonell produksjonsart, ikkje risikovurdert
- Sjalottlauk (A. cepa var. aggregatum), varietet
- Graslauk (A. schoenoprasum), livskraftig (LC), med underartane
- Nominatunderarten matgraslauk (A. schoenoprasum ssp. schoenoprasum), framandart, svært høg risiko (SE)[3]
- Sibirgraslauk (A. schoenoprasum ssp. boreale), livskraftig (LC)
- Kantlauk (A. lusitanicum), sterkt truga (EN)[4]
- Ramslauk (A. ursinum), nær truga (NT)[4]
- Sigerslauk (A. victorialis), framandart, potensielt høg risiko (PH)[3]
- Kirgislauk (A. hollandicum), framandart, låg risiko (LO)[3]
- Villpurre (A. ampeloprasum), framandart, tradisjonell produksjonsart, ikkje risikovurdert
- Elefantkvitlauk (A. ampeloprasum var. ampeloprasum), varietet
- Kurratlauk (A. ampeloprasum var. kurrat), varietet
- Purre (A. ampeloprasum var. porrum), varietet
- Prydlauk (A. angulosum), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
- Blålauk (A. caeruleum), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
- Dogglauk (A. flavum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Gullauk (A. moly), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Snøklokkelauk (A. paradoxum), framandart, låg risiko (LO), dørstokkart[3]
- Luftlauk (A. ×proliferum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Kulelauk (A. rotundum), framandart, einskildfunn, ingen kjend risiko (NK)[3]
- Kvitlauk (A. sativum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Honninglauk (A. siculum), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
- Trekantlauk (A. triquetrum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
Andre artar med norske namn der det finst og engelske der dette manglar.
- A. acuminatum – tapertip onion, Hooker's onion
- A. anceps – twinleaf onion
- A. campanulatum – dusky onion
- A. canadense – Canadian garlic
- A. cernuum – prærielauk
- A. chinense – Chinese onion, Chinese scallion, Japanese scallion, Oriental onion
- A. giganteum – kjempelauk
- A. karataviense – grålauk
- A. neapolitanum – white garlic
- A. nigrum – black garlic
- A. tricoccum – wild leek, ramp, ramps, ramson
- A. tuberosum – kinagraslauk
Kjelder
endre- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 213–217, 1148.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre laukslekta». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 «Fremmedartslista 2023». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 6. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Sjelden lauk Arkivert 2013-05-26 ved Wayback Machine.
- (no) laukslekta hos Artsdatabanken
- (en) laukslekta i Encyclopedia of Life
- (en) laukslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) laukslekta hos Dyntaxa
- (en) laukslekta hos ITIS
- (en) laukslekta hos NCBI
- (en) laukslekta hos Panarctic Flora
- (en) laukslekta hos The International Plant Names Index
- (en) laukslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Allium – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Allium – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons