Tromsøysundtunnelen
Tromsøysundtunnelen er ein undersjøisk vegtunnel på europaveg 8 i Tromsø kommune i Troms. Tunnelen går under Tromsøysundet mellom Tomasjorda på fastlandet og Breivika på Tromsøya. Tunnelen har to løp der T2 er 3500 og T1 er 3386 meter. Han når 102 meter under havet, og største stigning er 8,2 %. Tromsøysundtunnelen vart opna i 1994. Han gav betre trafikkapasitet over (under) Tromsøysundet etter at kapasiteten over Tromsøbrua vart for liten.
Lengd | 3 500 meter[1] |
---|---|
Stigning | 8,3%[2] |
Trafikk | 10 643 (2022)[3][4] |
Opna | 1994 |
Tromsøysundtunnelen 69°40′27″N 19°00′32″E / 69.674194444444°N 19.008888888889°E |
Tromsøysundtunnelen var Noregs einaste undersjøiske tunnel med to løp i 16 år før Knappetunnelen og Bjørvikatunnelen vart opna i 2010. Tunnelen har 15 tverrslag mellom løpa. Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Tromsøysundtunnelen.
I 2010 fekk tunnelen nye vegskilt med ljos i som viser fartsgrensene, dette vart gjort for å gjera det lettare å sjå dei sjølv gjennom alt sotet som legg seg på skilta.
I 2012 fekk tunnelen automatisk trafikkontroll (fotoboksar) med gjennomsnittsmåling.[5]
Sjå òg
endreBruer i området
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tromsøysundtunnelen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. august 2016.
- ↑ Nasjonal vegdatabank, Wikidata Q55698494
- ↑ «Tromsøysundtunnelen». Nasjonal vegdatabank.
- ↑ «Trafikkdata Ev8 Tromsøysundtunnelen T1». Statens vegvesen.
- ↑ «Trafikkdata Ev8 Tromsøysundtunnelen T2». Statens vegvesen.
- ↑ Første tunnel med gjennomsnittsmåling[daud lenkje]. Statens vegvesen