Try Some, Buy Some
Try Some, Buy Some Singel av Ronnie Spector | ||
B-side |
Tandoori Chicken | |
---|---|---|
Utgjeve | 16. april 1971 | |
Innspelt | Februar og mars 1971 | |
Studio | Abbey Road og Trident, London | |
Sjanger | Orkester pop | |
Lengd | 4:08 | |
Selskap | Apple | |
Komponist | George Harrison | |
Låtskrivar(ar) | George Harrison | |
Produsent | Phil Spector, George Harrison |
«Try Some, Buy Some» er ein song skriven av den engelske rockemusikaren George Harrison og først gjeven ut i april 1971 som ein singel av den amerikanske songaren Ronnie Spector, tidlegare solovokalist i The Ronettes. Ho spelte han inn i London i lag med andre Harrison-songar for eit planlagt comebackalbum på selskapet til The Beatles, Apple. Prosjektet vart produsert av Harrison og Phil Spector, som var ektemannen til Ronnie på den tida. Albumet vart derimot ikkje noko av då innspelinga vart hindra av den ureknelege oppførselen til Phil Spector. Singelen var den einaste offisielle utgjevinga frå innspelinga og selde dårleg. Det nådde berre 77. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og 63. plassen på den kanadiske RPM Top 100. Harrison la seinare til sin eigen vokal på ein ny miks av det instrumentale sporet som vart spelt inn og tok med songen i 1973 på albumet hans Living in the Material World.
«Try Some, Buy Some» var ein av fleire Harrison-songar som var over etter innspelinga for det tredoble albumet hans All Things Must Pass i 1970, som Spector var medprodusent på. Den stramme melodien til songen vart påverka av at Harrison komponerte songen på eit klaverinstrument i staden for gitar. Tekstane dokumenterer den plutselege oppfatninga hans av Gud midt i freistingane frå den materielle verda, inkludert narkotiske stoff, og fungerer som ein soge om ei religiøs openberring. Ronnie innrømte seinare å vere forvirra av konseptet, og nokre forfattarar har kommentert at han var ueigna som den songen som skulle bli comebacket hennar. Spector brukte sin Wall of Sound produksjonsteknikk for å få full effekt på «Try Some, Buy Some» og vart forbløffa over den kommersielle fiaskoen til singelen. Innspelinga inneheld eit kor og lange, overdådig orkestrerte instrumentalpassasjar arrangert av John Barham. B-side til singelen var «Tandoori Chicken», eit Harrison-Spector-samarbeid i rockabilly-stil.
Fleire kritikarar har sett spørsmålsteikn ved at Harrison valde å bruke om att instrumentalsporet frå 1971 på sin versjon. Enkelte meiner at songen gjekk for høgt for røysta til Harrison og at den omfattande produksjonen ikkje passa inn med resten av albumet. Andre likte teksten og melodien, og såg ein forførande kvalitet i songen. Songen var lenge utilgjengeleg etter han kom ut i 1971 og Ronnie Spector-versjonen kom ut på ny i 2010 på samleplata Come and Get It: The Best of Apple Records.
David Bowie hadde lenge likt songen og spelte inn «Try Some, Buy Some» i 2003 på albumet hans Reality og framførte songen på turneen sin etter albumet.
Medverkande
endre- Ronnie Spector – vokal (1971-singel)
- George Harrison – akustisk gitar; vokal (1973-utgåve)
- Leon Russell – piano
- Gary Wright – elektrisk piano
- Pete Ham – akustisk gitar
- Klaus Voormann – bass
- Jim Gordon – trommer, tamburin
- John Barham – orkester- og korarrangement
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Try Some, Buy Some» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Dale C. Allison Jr, The Love There That's Sleeping: The Art and Spirituality of George Harrison, Continuum (New York, NY, 2006; ISBN 978-0-8264-1917-0).
- Keith Badman, The Beatles Diary Volume 2: After the Break-Up 1970–2001, Omnibus Press (London, 2001; ISBN 0-7119-8307-0).
- Mick Brown, Tearing Down the Wall of Sound: The Rise and Fall of Phil Spector, Vintage (New York, NY, 2008; ISBN 978-1-4000-7661-1).
- Harry Castleman & Walter J. Podrazik, All Together Now: The First Complete Beatles Discography 1961–1975, Ballantine Books (New York, NY, 1976; ISBN 0-345-25680-8).
- Alan Clayson, George Harrison, Sanctuary (London, 2003; ISBN 1-86074-489-3).
- Peter Doggett, You Never Give Me Your Money: The Beatles After the Breakup, It Books (New York, NY, 2011; ISBN 978-0-06-177418-8).
- Joshua M. Greene, Here Comes the Sun: The Spiritual and Musical Journey of George Harrison, John Wiley & Sons (Hoboken, NJ, 2006; ISBN 978-0-470-12780-3).
- George Harrison, I Me Mine, Chronicle Books (San Francisco, CA, 2002; ISBN 0-8118-3793-9).
- Elliot J. Huntley, Mystical One: George Harrison – After the Break-up of the Beatles, Guernica Editions (Toronto, ON, 2006; ISBN 1-55071-197-0).
- Chris Ingham, The Rough Guide to the Beatles, Rough Guides/Penguin (London, 2006; 2nd edn; ISBN 978-1-84836-525-4).
- Ian Inglis, The Words and Music of George Harrison, Praeger (Santa Barbara, CA, 2010; ISBN 978-0-313-37532-3).
- Simon Leng, While My Guitar Gently Weeps: The Music of George Harrison, Hal Leonard (Milwaukee, WI, 2006; ISBN 1-4234-0609-5).
- Ian MacDonald, Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties, Pimlico (London, 1998; ISBN 0-7126-6697-4).
- Chip Madinger & Mark Easter, Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium, 44.1 Productions (Chesterfield, MO, 2000; ISBN 0-615-11724-4).
- Dan Matovina, Without You: The Tragic Story of Badfinger, Frances Glover Books (2000; ISBN 0-9657122-2-2).
- Andy Peebles, The Lennon Tapes: John Lennon and Yoko Ono in Conversation with Andy Peebles, 6. desember 1980, BBC Publications (London, 1981; ISBN 0-563-17944-9).
- Mark Ribowsky, He's a Rebel: Phil Spector – Rock and Roll's Legendary Producer, Da Capo Press (Cambridge, MA, 2006; ISBN 978-0-306-81471-6).
- Robert Rodriguez, Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years, 1970–1980, Backbeat Books (Milwaukee, WI, 2010; ISBN 978-1-4165-9093-4).
- Patricia Romanowski & Holly George-Warren (eds), The New Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll, Fireside/Rolling Stone Press (New York, NY, 1995; ISBN 0-684-81044-1).
- Nicholas Schaffner, The Beatles Forever, McGraw-Hill (New York, NY, 1978; ISBN 0-07-055087-5).
- Ronnie Spector with Vince Waldron, Be My Baby: How I Survived Mascara, Miniskirts, and Madness – Or, My Life as a Fabulous Ronette, HarperPerennial (New York, NY, 1990; ISBN 978-0-06-097423-7).
- Mark Spitz, Bowie: A Biography, Three Rivers Press (New York, NY, 2009; ISBN 978-0-307-71699-6).
- Bruce Spizer, The Beatles Solo on Apple Records, 498 Productions (New Orleans, LA, 2005; ISBN 0-9662649-5-9).
- Dave Thompson, Wall of Pain: The Biography of Phil Spector, Sanctuary (London, 2004; ISBN 978-1-86074-543-0).
- Gary Tillery, Working Class Mystic: A Spiritual Biography of George Harrison, Quest Books (Wheaton, IL, 2011; ISBN 978-0-8356-0900-5).
- Richard Williams, Phil Spector: Out of His Head, Omnibus Press (London, 2003; ISBN 978-0-7119-9864-3).
- Bob Woffinden, The Beatles Apart, Proteus (London, 1981; ISBN 0-906071-89-5).